Hopp til innhold

Uviss framtid for Halvorsen

Men Even Hovland ute av dørene er Ole Jørgen Halvorsen Sogndal sitt heitaste salsobjekt, men så langt har det vore stilt rundt høgrevingen.

Ole Jørgen Halvorsen i Songdal sin treningskamp mot Førde 20. januar
Foto: Arve Uglum / NRK

- Eg har ikkje høyrt noko. Ikkje noko som eg fortel deg i alle fall, fleipar muligens Ole Jørgen Halvorsen etter å ha spelt andreomgangen i Sogndal sin treningskamp mot Førde.

Halvorsen kosta rundt 800.000 kroner då han vart kjøpt til Sogndal frå Sarpsborg 08, og skal klubben ha igjen dei pengane bør han helst seljast før sesongen startar. Kontrakten hans går ut etter denne sesongen, og han har så langt ikkje signalisert at han vil skrive under nokon ny.

- Eg held meg til kontrakten med Sogndal og gir alt her. Det er stille over alt på overgangsmarknaden for tida, så alt overgangsprat er det berre å legge frå seg og jobbe steinhardt i treningskvardagen, seier Halvorsen.

Veit han kan forsvinne

Sogndal-trenar Jonas Olsson seier han veit Halvorsen kan forsvinna før sesongen startar, men han håpar at han blir.

- Ja, vi har lyst til å beholde alle som er her, men vi får sjå kva som skjer framover. Om vi mister spelarar eller om vi får inn nye. Eg er budd på at alle spelarane kan forsvinne. Slik er verda vi lever i. Først når det norske overgangsvindauget stenger 31. mars veit vi kva spelarar vi har, seier Olsson.

Brann og Fredrikstad

Brann og spesielt Fredrikstad har vist interesse før Halvorsen som var Sogndal sin store formspelar i første halvdel av 2011-sesongen. Ut over hausten gjorde skader og formsvikt at han vart mindre synleg - og mindre etterspurt av andre klubbar.

- Eg veit ikkje om nokon som følgjer meg akkurat no, men klubbane følgjer alltid med og gode prestasjonar blir lagt merke til. Så om eg klarar å prestere utover vinteren kan det opne seg muligheiter. Vi får sjå. Eg må nok opp nokre hakk til, seier Halvorsen som framleis slit med skaden som hemma han i fjor haust. Eine ankelen må framleis tapast opp før kvar trening og kamp.

- Men det blir betre og betre, seier Halvorsen.

- Korleis ser du på det om det blir Sogndal eitt år til?

- Eg trivst jo godt i Sogndal. Treningsfasilitetane og opplegget som blir sydd rundt laget no med trening og kosthald begynnar å bli veldig bra nivå over. Vi har nok litt å hente der, seier Halvorsen.

Anna rolle i år

I kampen mot Førde kom han inn i andreomgang, og viste at han har kvalitetar både Sogndal og andre klubbar kan dra nytte av. Han drog seg forbi backen sin ei rekke gonger og fekk slått fleire farlege innlegg. Likevel blir rolla hans annleis no enn ho var i fjor. Då spelte han kantspiss med forholdvis frie tøyler framover. I Jonas Olsson sitt 4-4-2-system blir han ein meir tradisjonell høgrekant.

- Det er kanskje ikkje min beste posisjon som høgre kant, men eg har spelt der før og det har gått bra, seier Halvorsen.

Vil ha Patronen

Sogndal har levert eit kontraktsforslag til den finske midtstopparen Hannu Patronen som spelte for dei under Vestlandsmeisterskapen førre helg. I tillegg ser klubben framleis etter ein spiss, sjølv om Stian Dyngeland har overtydd i treningskampane og no blir flytta opp i a-stallen. Dyngeland starta også kampen mot førde, men utan å overtyde.

- Vi ser framleis etter ein spiss, men det var moro å sjå Ulrik (Flo, journ. anm) sin prestasjon her i dag. Det er fint om fleire melder seg på, seier Olsson etter at Flo både skåra eit mål og skaffa eit straffespark i treningskampen for Sogndal.

"Erstattaren" herja

Endå eit teikn på at Sogndal bur seg på ein sesong utan Halvorsen var det at Tonny Brochmann viste seg fram. Brochmann kan spele på begge vingane, men er høgrebeint og passar kanskje best på Halvorsen si høgreside. Då Sogndal fekk straffespark var det også Brochmann som fekk den jobben, ein jobb som Halvorsen har hatt dei to siste sesongane.