Hopp til innhold

Uvêr på fjellet - bli i ro og la bilen stå er rådet frå Vegtrafikksentralen

– Det er meldt om så dårleg vêr- og køyreforhold på fjellovergangane at ein må tenke seg om viss ein tar bilen. Det er rådet frå Vegtrafikksentralen. Utover dagen er det venta at uvêret kjem innover fjordane, men førebels går ferjene som normalt.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

UVÊR PÅ FJELLET: Det er 90 minuttars ventetid på kolonne over riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Vegtrafikksentralen oppmodar folk om å tenkje seg om før dei køyrer over fjellet i dag.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen

Einaste forskjellen frå i går er at E16 over Filefjell er opna. I går var det kontrollert kolonnekøyring over fjellet. Men vi har framleis kolonnekøyring over riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fylkesveg 53 Årdal – Tyin er stengt og det same er riksveg 13 over Vikafjellet.

Uvêret kom i går

I går måtte mange bilar vente for å kome seg over Hemsedalsfjellet og det var ventetid på fire timar begge retningar.

Vêret er ikkje venta å betre seg. Meteorologisk institutt melder at det heile laurdagen vil vere vanskelege køyreforhold på grunn av vind og snø.

– Sånn som vi ser det så viser prognosane og vêrutsiktene at vi vil ha eit stabilt uvêr utover heile dagen, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Ove Amundsen.

– La bilen stå!

Rådet til trafikantane i dag er rett og slett å la bilen stå.

– Må folk køyre så må dei jo det. Men dei må berekne at det vil ta tid å komme seg frå A til B i dag. Men kan folk halde seg i ro og la bilen stå så anbefaler vi det på det sterkaste.

Forholda på fjellet er ruskete og ikkje tilrådeleg å køyre. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det stiv kuling og snøbyer. I 09.30-tida laurdag morgon var det meldt om 90 minuttar ventetid for å komme med kolonnen. Vegtrafikksentralen reknar med at ventetida vil auke utover dagen.

Uvêret innover fjordane

– Førebels går alle ferjesambanda som vanleg. Men vi ventar at uvêret vil ta seg innover fylket, og også langs fjordane, så det kan bli endringar.

Laurdag klokka 0830 er situasjonen følgjande over fjellovergangane i Sogn og Fjordane:

  • Rv15 over Strynefjellet er ope.
  • E16 over Filefjelle er ope for fri ferdsel.
  • Rv52 Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring.
  • Fv53 Årdal–Tyin er opna for fri ferdsel
  • Rv13 Vikafjellet er stengt