- Eg har aldri opplevd noko liknande, seier den erfarne sorenskrivaren.
Hassan Samryie Hashin, som er sikta for drapet på Hedda Karterudseter, samtykka i går til varetekstfengsel i fire veker, utan at han personleg blir framstilt for ein dommar. Velle seier det ligg vektige argument til grunn når ein sikta i eit drap samtykker i fengsling, utan å sjølv møte i retten.
- I det ligg det at den sikta innser at det er grunnlag for fengsling, seier Velle. Men han presiserer at dét ikkje er det same som å innrømme at han har gjort det han er sikta for.
Uvanleg saksgang
Hovudregelen i lovverket seier at den sikta skal vere til stades i retten fyrste gong vedkommande blir framstilt for varetektsfengsling. Difor blir det ein litt uvanleg saksgang for tingretten i Sogn som skal ta stilling til om det er grunn for å fengsle mannen.
Vedgår kvelartak
Advokaten til Hashin, Herman Hoff, fortalde i går at Hashin har vedgått å ha vore aleine med Hedda Karterudseter på hybelen i Sogndal. 35-åringen har òg vedgått òg å ha teke kvelartak på ho, utan at han har innrømt å ha drepe ho.
I avhøyr
Hashin blir sittande i avhøyr i Oslo ut dagen. Det er førebels uklart kor tid han vil bli frakta til Sogn, seier politiadvokat Knut Broberg. Sogn tingrett skal ta stilling til kravet om varektektsfengsling og Broberg reknar med at det blir avklara i løpet av dagen.