Hopp til innhold

Tjuveri av medisinar og laboratorieutstyr

I løpet av helga har nokon stole diverse medisinar og laboratorieutstyr frå Marine Harvest i Osmundsvåg i Vågsøy kommune.

Osmundsvåg i Vågsøy

TIPS: Politiet vil gjerne høyre frå deg om du har sett folk eller båtar i nærleiken av Marine Harvest sitt anlegg i Osmundsvåg i Vågsøy kommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi er ikkje sikre på kva tid det skjedde, men det må ha skjedd på eit tidspunkt etter fredag ettermiddag, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Har du sett nokon i ein kvit båt?

Politiet har fått inn vitneobservasjonar av to personar i ein kvit, open båt med påhengsmotor.

No er politiet svært interesserte i å vite meir om denne båten, og ber alle som har sett noko om å ta kontakt.

– Vi er på jakt etter tips og observasjonar av folk og båtar som har vore i området i løpet av helga, seier Solvåg.

Har sikra spor

Politiet avslutta natt til sundag ei undersøking på åstaden.

– Det har vi gjort for å sikre spor til den vidare etterforskinga.

Solvåg kan ikkje seie noko om kva dei har funne. Saka vil verte etterforska vidare ved Vågsøy lensmannskontor måndag.

Osmundsvåg