Utskjelt Milorg-sjef får oppreising

Den gamle Milorg-sjefen Oliver Langeland vart fråteken all ære etter krigen. No får han oppreising.


Gunnar Ekeberg

GAMMALT ALBUM: Gunnar Ekeberg med bilete av bestefaren Oliver Langeland.

Langeland meinte mellom anna at dei som jobba for og samarbeidde med tyskarane burde vore straffa, ikkje dei som berre var passive NS-medlemmer. Han gjekk også til frontalåtak mot regjeringa Nygaardsvold.

– Krigshistoria er historia til dei som sat sentralt i heimefronten og der passa ikkje Oliver Langeland inn. Dette fortel Arvid Bryne. Han har skrive boka "Krig og sannhet – Langelandsaken og Landssvikoppgjeret" som kom ut før jul i fjor. Dette er ei bok som støttar Langeland sin kritikk av rettsoppgjeret og som gjev han full oppreising.

Ukjend

Det er truleg ikkje mange i Sogn og Fjordane som kjenner til Oliver Langeland, sjølv om han vaks opp på Nordfjordeid. Han var mellom anna ein av dei få offiserane som vart uteksaminert på krigsskulen si øvste avdeling og var Milorg-sjef i Oslo.

Langeland kjende både Max Manus og Gunnar Sønsteby, men då han kritiserte Nygaardsvold-regjeringa, gjekk hardt ut mot landssvikoppgjeret og tok eit oppgjer med korleis toppar innan kyrkja, politiet, politikken og embetsverket hadde oppført seg under krigen, vart Langeland på mange måtar ein ikkje-person.

Har vore gløymd

Oliver Langeland.

MED BARNEBARNA: Oliver Langeland på skitur med barna på 1920-talet.

Arvid Bryne

HAR SKRIVE BOKA: Forfattar Arvid Bryne har skrive boka om Oliver Langeland.

Foto: Bård Siem
Tor Langeland

BARNEBARN: Tor Langeland med boka om bestefaren.

Foto: Bård Siem

– Frå 1950 til i dag har Oliver Langeland vore gøymd og gløymd fordi han sette seg mot den offisielle vilje. Det norsk folk ville ha heltar. Heltehistorier om nordmenn som kjempa mot tyskarane. Dette har vore ein berebjelke i norsk historie og identitet etter krigen, fortel Bryne.

Langeland vart fødd i 1887 og vaks opp med gardsarbeid på heimgarden i Nordfjord. Foreldra var Hans og Kari Langeland, og farsslekta stammar frå Hornindal.

«Oppveksten på vestlandsgården, sammen med mine sterke, energiske foreldre har gitt min karakter et preg som visstnok er sterkere enn alle senere påvirkninger» skriv han mellom anna.

Vart knebla

Regjeringa frykta at Langeland sin kritikk skulle velte heile landssvikoppgjeret. Difor måtte forfattaren kneblast og bøkene han gav ut like etter krigen dragast inn, seier Bryne.

I bøkene «Dømmer ikke» frå 1948 og «For at I ikke skal dømmes» i 1949 meinte Langeland mellom anna at det burde reisast riksrettssak mot regjeringa Nygaardsvold.

Langeland meinte at regjeringa på mange måtar hadde lagt landet ope for tyskarane. I staden for å dømme passive NS-medlemmer, burde fleire prominente personar som hadde samarbeidd med tyskarane ikkje gått fri, hevda han.

Får støtte frå barnebarna

Den harde kritikken mot regjeringa resulterte i at Langeland vart meld til politiet av riksadvokaten. Langeland vart frikjend. Samtidig vart enkelte av utsegnene i boka mortifisert, og boka vart inndregen.

– Dette var eit hard slag mot Langeland, fortel Bryne.

To av barnebarna til Oliver Langeland, Gunnar Ekeberg og Tor Langeland, er rysta over måten bestefaren vart behandla.

– Arbeidarpartiregjeringa etter krigen tålte ikkje å høyre sanninga. Det var ei regelrett trakassering for å kneble meiningane hans. Saka er så alvorleg at dagens regjeringa, der Ap har fleirtalet, burde kome med ei orsaking, seier Ekeberg.

– Farfar var behandla på ein skrekkeleg dårleg måte. Eg er rysta over det som skjedde, seier Tor Langeland.

Kritisk til Langeland

Øystein Hetland, historikar og stipendiat ved Holocaust-senteret i Oslo, meiner Oliver Langeland gjekk for langt i kritikken sin.

– Langeland hadde gjort lurt i å ikkje gått så hardt ut. Ein del av kritikken har nemleg ein god kjerne, men blir øydelagt fordi han tar det for langt, seier Hetland.

Han skildrar Oliver Langeland som ein konservativ nasjonalist, som like etter krigen bar preg av eit veldig hat mot Nygaardsvold-regjeringa.

– Det sterke agget mot Ap-regjeringa gjorde at han var altfor unyansert i kritikken sin, seier Hetland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øystein Hetland.

KRITISK: Historikar Øystein Hetland er kritisk til boka om Oliver Langeland.

Foto: Bård Siem

Ulike fasar i krigen

Hetland meiner mellom anna at Langeland ikkje får med seg den avgjerande forskjellen i krigen slik han stod fram i Norge i 1940 og i 1942.

– Det var ein heilt annan brutalitet som tyskarane viste i 1942 enn i 1940. Det å ville samarbeide med tyskarane i 1940 og i 1942 er difor to forskjellige ting, seier Hetland.

– Eit av barnebarna til Langeland krev ei offentleg orsaking frå regjeringa for den urett bestefaren vart utsett for. Kva kommentar har du til det?

– Nei, det ser eg ingen grunn til. Rettsvesenet viste si kraft i og med at domen mot Langeland vart så differensiert. Han vart dømt for noko, frikjend for andre ting og frikjend generelt. Dersom Langeland hadde ønska det, kunne han ha gitt ut ei ny bok utan dei påstandane domstolen sa ikkje vart rette. Det ville ikkje Langeland.