NRK Meny

Utset val av nytt Fjord1-styre

Det blir ikkje valt nytt styre i Fjord1 før eigarskapen i selskapet er avgjort. Fylkesutvalet skulle eigentleg peike ut nytt styre på onsdag. Dei valte i staden å utsetje det til dei har bestemt om fylkeskommunen skal selje seg ut av konsernet. Det skjer truleg på eit ekstraordinært fylkestingsmøte 23. november.