Hopp til innhold

Utset nedlegging

Pelagia utset nedlegginga i Florø, men det er allereie avgjort at det ikkje vert produksjon i lokala frå 1. januar, skriv FiskeribladetFiskaren. – Administrasjonen i Pelagia har gjort feil og hadde ikkje drøftingsmøte med dei tillitsvalde slik som lova seier, seier Christian Maureira, hovudtillitsvald i Pelagia. Tysdag kveld var det styremøte i Pelagia Holding. Maureira, som og er styremedlem, opplyser til FiskeribladetFiskaren at det då vart bestemt at prosessen med å legge ned anlegget i Florø skulle utsettast, og at styret i Pelagia AS skulle jobbe vidare med saka.

EWOS i Florø og Pelagia Florø
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK