Hopp til innhold

Utrasing kan ha laga mini-tsunami

- Eg har aldri sett noko liknande, seier Jan Magnar Husabø. Malstraumen han observerte kan ha samanheng med den vesle tsunamien i Sognefjorden.

Video Mini-Tsunami i Framfjorden

FILMA TSUNAMIEN: Slik såg det ut langs fjorden i Framfjorden fredag morgon. Ifølgje geologiprofessor Stein Bondevik har bølgjene tydelege preg av ein mini-tsunami.

Tidleg fredag morgon såg Jan Magnar Husabø ein malstraum like utfor land ved Leikanger.

- Det heldt på ei god stund. Eg har budd her heile mitt liv, og har aldri sett noko slikt som dette, seier han til Sogn Avis.

Kan ha oppstått mellom to fjordløp

Observasjonen samsvarer med tidspunktet folk i Framfjorden på andre sida av Sognefjorden opplevde ein spektakulær mini-tsunami fredag morgon.

Geologiprofessor Stein Bondevik utelukkar ikkje at det har oppstått ein mini-tsunami i Hella/Fjærlandsfjord-bassenget.

- Fjærlandsfjorden er ein 300 meter djup hengefjord, kopla på den ved 1000 meter djupe hovudfjorden. Vi veit frå før at det er ustabilt og bratt der dei to fjordløpa møtest, seier Bondevik til Sogn Avis.

Observert mange stader langs fjorden

Ifølgje kjelder NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med, vart det fredag også observert mini-tsunami også i Finden, Aurland og Rutledal på same tid som i Framfjorden.

Det var veldig mykje straum i sjøen. Den voks og gjekk innover land, før den gjekk tilbake igjen. Det var nett som sjøbåra ute på havet, seier Even Leirvik i Rutledal i Gulen.

- Eg skjønte eigentleg ikkje kva som skjedde. Eg har aldri sett noko liknande der inne i fjorden. For det var veldig stor kraft i straumen, og han tok godt tak i båten båten då vi reiste utover, seier han.

- Må vere kolossale krefter i sving

Overfor NRK var Stein Bondevik rimeleg sikker på at det var ein tsunami i sving, då han fekk sjå videoen frå Framfjorden på fredag.

Etter alt å dømme skuldast dei mange uvanlege observasjonane eit undersjøisk ras.

- Det må utløysast kolossale krefter om det skal omsetjast i ein tsunami, seier Bondevik til Sogn Avis.