Hopp til innhold

Utforkøyring på E16 i Lærdal

LÆRDAL (NRK): Ein bil har køyrt av vegen etter det som vert skildra som farleg køyring i Lærdal. Turistane i bilen forklarte at dei var så bergtekne av Lærdal at dei gløymde vegen.

Bil i grøfta på Ljøsne

KØYRD I GRØFTA: Ein bil køyrd i grøfta på E16 ved Ljøsne

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Her er det nok tale om nokon som har vore for trøytte til å køyre bil, seier lensmann i Årdal Magne Knudsen.

Det var like før klokka 18 i ettermiddag at politiet kom til staden der ein personbil hadde køyrt i grøfta på E16 ved Ljøsne i Lærdal. Då var dei andre naudetatane allereie på plass.

Fleire skal ha reagert på bilen sin køyring. Ein bil skal ha køyrt bak ulukkesbilen frå Gol og fram til utforkøyringsstaden, og meldt frå om at bilen har køyrt «vinglete».

Etter å ha gjennomført ein alkoholtest, har politiet likevel ikkje mistanke om promillekøyring.

Forklaringa til sjåføren var at dei har vore oppslukt i naturen, men politiet trur forklaringa er ein annan.

– Vi trur at sjåføren har vore så trøytt at han har sovna bak rattet, seier Knudsen.

Det er tale om ein leigebil, med tre utanlandske passasjerar om bord.

Ingen av dei tre i bilen er skadde, og trafikken har også løyst seg opp på staden.