Hopp til innhold

Utforkøyring i Askvoll

Naudetatane er på veg til Holmedal der ein bil med ein person har køyrt av vegen. Uhellet skjedde på fylkesveg 609. Politiet fekk melding klokka 1025. – Det blir opplyst å vere svært glatt på staden, opplyser politiet. Bilføraren ser ut til å ha kome frå uhellet utan fysiske skader.