Hopp til innhold

Utfordrar Aarethun om leiarvervet

Barnevernsleiar i Årdal, Hadle Blikra, utfordrar Ap-veteranen Knut O. Aarethun til kamp om leiarvervet i Lærdal Arbeidarparti etter ordførar Arne Sanden.

Hadle Blikra

Hadle Blikra har lyst å leie Lærdal Arbeidarparti.

Foto: Ida Brevik

Valnemnda har innstilt Aarethun til leiarvervet. 45 år gamle Blikra som er busett i Lærdal, seier til Sogn Avis at han er spurt av fleire om å stille.

Blikra har eller har ikkje hatt formelle verv i partiet.

- Eg ønskjer å setje viktige politiske saker på dagsorden. Kommunen har mange store utfordringa framføre seg, og då er det viktig å ha gode og ryddige prosessar for korleis vi ilag kan gjere kommunen vår til ein endå betre stad å bu, seier han til NRK.

- Er dette ei markering mot valnemnda sin kandidat?

- Nei,eg stiller ikkje mot Aarethun, men for lokalpartiet og Lærdalsbygda.

Årsmøtet i Lærdal Arbeidarparti er førstkomande måndag.