Når lamme- og kalvesesongen snart set inn, kan bøndene i store deler av Indre Sogn kan stå utan veterinærtilbod på nattestid.
Slutt på gratisarbeid
Frå neste helg kjem truleg dyrlegane i distriktet til å slutte å gå gratisvakter, slik dei gjer no, seier veterinær Nils Martin Fjæren.
Grunnen er at dei nye og utvida vaktdistrikta gjer veterinærane avhengige av ferje, men ferjene går ikkje nattestid.
Dei vil difor ikkje lenger ha ansvaret for dyr dei umogleg kan nå fram til.
I dag går veterinærane gratisvakter som ein rein demonstrasjon mot styresmaktene. Men veterinærane i Leikanger, Sogndal og Luster ynskjer ikkje lenger å ha ansvaret for kommunane Balestrand og Vik, som inngår i det nye vaktdistriktet.
Dyr vil uansett stryke med
Fordi det ikkje går ferjer på nattestid, er dyrlegane sette i ein umogeleg posisjon. Fjæren meiner at vaktordninga som Landbruksdepartementet har lagt opp til uansett vil føre til at dyr stryk med.
Fjæren seier det er forkasteleg at dyr må døy før departementet ser at vaktordninga ikkje fungerer.
Støtte frå bonde
Mjølkebonde Per Hilleren i Sogndal er blant bøndene som truleg står utan veterinærtilbod nattestid når vårkalvinga set inn.
Han ser ikkje fram til kalvinga, og seier det blir umogleg å springe på bygda for å leite etter dyrlege når ein kjempar for å hjelpe eit sjukt dyr.
Hilleren understrekar at han ikkje skuldar veterinærane for den frykta situasjonen, og at han meiner styresmaktene bør gripe inn.