Av og
Det er ikkje konkrete signal om nedlegging, men mykje tyder på at Opplysningen kan bli skilt ut, og i forlenginga av det truge dei kring 70 arbeidsplassane i Lærdal. - Eg har fått uromeldingar frå oppegåande tillitsvalde i El- og IT-forbundet som anar uråd. Og det er ikkje første gongen sal - eller outsourcing som det så fint heiter - blir diskutert, seier Aarethun.
Viser til Soria Moria
Aarethun viser difor til Soria Moria-erklæringa, der den nye regjeringa lovar å oppretthalde statlege eigardeler i Telenor. - Det er min jobb å fortelje kor viktige desse arbeidsplassane er. Eg ventar at ei regjering som så sterkt har flagga aktivt eigarskap og det å halde oppe arbeidsplassar i distrikta også er merksam på denne vesle, men svært så viktige biten som 1881 er i mange kommunar rundt om i landet, seier ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal.