Hopp til innhold

Allereie første bilførar mista lappen – UP ber folk skjerpe seg

EID (NRK): Det har vore ei nedslåande veke for Utrykkingspolitiet i Sogn og Fjordane - med fleire grove fartsoverskrindingar.

Utrykkingspolitiet om fartssyndarar.

PÅ FØRSTE FORSØK: Den første bilisten som vart målt med laser i Mogrenda i dag, av politibetjent Torbjørn Sælen, mista førarkortet.

Mogrenda på riksveg 15 fredag føremiddag. UP-patruljen har vore på plass i nokre minutt. Laseren har enno ikkje lest av ein einaste bil.

Tre sekund etter at politibetjent Torbjørn Sælen slår fast at det er lite trafikk, så pip det i laseren. Den aller første bilen han måler i 50-sona køyrer fort. Svært fort.

– På laseren står det no 80, det er altfor fort, seier Sælen.

Grensa for inndraging av førarkort i ei 50-sone går ved 76 km/t. Denne sjåføren får ikkje køyre ein meter til.

Ei veke med nedslåande resultat

Bilisten er den fjerde som mistar førarkortet i Sogn og Fjordane denne veka.

– Det er difor vi er her, for å få plukka dette vekk, seier politibetjent Elling Krogen.

Politiet har mål svært høg fart både i 50- og 60-soner. I Kusslia i Førde målte UP ein bil i 121 km/t i 60-sona.

– Det var ein ung sjåfør på 18–19 år. Utan nødvendig køyreerfaring i ein slik fart, så er det utruleg at det har gått bra, og at han vart stoppa utan av nokon har blitt skada, seier politibetjent Elling Krogen.

Elling Krogen i UP

EI TRAVEL VEKE: Politibetjent Elling Krogen og kollegaene i Utrykkingspolitiet har skrive ut mange bøter denne veka.

Foto: Elling Krogen / NRK

Ved Skårhaug i Eid vart ein bilist målt til 132 km/t i 80-sona. I Våtedalen måtte 36 bilistar betale for seg etter å ha køyrd for fort i 80-sona der. Ein person mista førarkortet.

– Resultatet denne veka har vore nedslåande synest eg, seier Sælen.

Torbjørn Sælen

NEDSLÅANDE: Politibetjent Torbjørn Sælen i Utrykkingspolitiet meiner folk bør skjerpe seg. Denne veka har dei teke fleire råkøyrarar langs vegane i Nordfjord og Sunnfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Bør folk skjerpe seg litt?

– Folk bør absolutt skjerpe seg. Det burde dei ha gjort for lenge sidan, seier Sælen.

Sjokkerte bilistar

Per 11. juni i år har UP i Sogn og Fjordane skrive ut 936 forenkla førelegg. 121 har blitt tekne utan bilbelte, og 152 har fått bot for mellom anna å snakke i handhalden mobil medan dei køyrde.

Medan NRK følgjer fartskontrollen i Mogrenda vert fleire bilistar bøtelagde.

– Eg trudde det var 60, for det er 60 lenger bort i vegen, seier Vidar Berntsen.

Han er ein av dei som vart 1600 kroner fattigare etter at laseren målte farten til 58 km/t.

– Det er heilt greitt av UP står her. Eg såg det var skuleungar ved vegen, så det er heilt greitt, seier sjåføren.

Reaksjonane på å bli stoppa av politiet er mange fortel dei to betjentane.

– Nokre vert veldig sjokkerte og veldig ut av seg, men når dei får tenkt seg om, så går det som regel bra. Vi må også prøve og roe dei ned litt. Dei har gjort ein feil, og den må dei betale for, men vi skal ikkje gjere det verre enn kva det er, seier Sælen.

Til saman skreiv UP ut seks forenkla førelegg under kontrollen i Mogrenda. Høgste målte fart var 71 og 80 km/t.