Hopp til innhold

Unike opptak av Maurstad fram i lyset

NORDFJORDEID (NRK): Han var landets mest kjende skodespelar og far til Toralv og Mari. No har unike lydopptak med Alfred Maurstad kome fram i lyset.

GAMLE OPPTAK: Høyr Alfred Maurstad synge og spele til bilete frå karrieren hans. Opptaka er frå 1927 og 1961.

– Mykje av dette er ting eg ikkje hadde høyrt før. Det er unike opptak folk kan gle seg til, seier Arne M. Sølvberg.

Folkemusikaren er blant entusiastane bak ein ny CD med gamle opptak av Alfred Maurstad. Her kan du mellom anna høyre ei innspeling Maurstad gjorde i Berlin i 1927.

– Kvaliteten på dette materialet er særeige og unikt. Vi måtte berre gje det ut. Det er viktig at også yngre generasjonar får høyre så godt spel, seier Håvard Svendsrud i plateselskapet Aksept.

Hadde svært god teknikk

Alfred Maurstad vart fødd på garden Maurstad i Nordfjord i 1896. Som ungdom spelte han med hardingfele til dans i Nordfjord, og han gjorde fleire store konsertinnspelingar. Seinare vart han mest kjend som skodespelar, filmstjerne, teatersjef og regissør.

No ønskjer entusiastane å børste støvet av Maurstad som spelemann.

– Det er synd han ikkje er så godt kjend som spelemann. Eg meiner han er blant dei absolutt beste folkemusikarane våre gjennom alle tider, seier Svendsrud.

– Maurstad hadde ein fabelaktig teknikk. Eg trur ikkje han hadde blitt skodespelar viss han ikkje hadde hatt hardingfela, seier Sølvberg.

Alfred Maurstad

FELESPELAR: Alfred Maurstad er nok ikkje best kjend som felespelar, men han var i samtida utan tvil ein av dei beste i landet.

Foto: NTB

Hardingfele, folkemusikk og dikt

Alfred Maurstad vann Landskappleiken i 1922. Så reiste nordfjordingen i 1927 til Berlin for å spele inn plate. Innspelinga vart gjort med elektroniske mikrofonar.

– Det er fantastisk god lydkvalitet på desse opptaka, meiner Sølvberg.

Plateselskapet har sett saman ein dobbel-CD med hovudtyngde av Maurstad som hardingfelespelar. I tillegg er det opptak av Maurstad som folkesongar og med deklamering av dikt.

– Det er to timar speletid og eit førsteopplag på tusen plater. Eg trur det er ei plate som vil stå seg i årevis. Det er jo tidlause toner, seier Svendsrud.