NRK Meny
Normal

Unge brukar skuleferien på å forske

Edderkoppar, supersåpebobler og rakettar har lokka unge forskarspirer til sommarskulen.

I området rundt Nordfjordeid barneskule har 17 born frå 9–13 år vore ute og leita etter edderkoppar. Dette har dei gjort fordi dei er med på forskarfabrikken sin sommarskule, der born skal få eit innblikk i naturvitenskap.

Iver og Balder er ivrig i gang med å sjekke fellene dei har sett opp for å fange insekt. Med såpevatn, blad og gras var målet edderkoppar.

– Eg har ikkje fått nokon, men bitte små dyr som ligg og flyt, seier Balder.

Unge forskarar på Nordfjordeid

IVRIG: Magnus studerer edderkoppar i mikroskopet.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Ein av dei som har funne ein edderkopp er Magnus. No skal den studerast i mikroskopet. Den ser diger ut og dei hårete beina er tydelege.

– Han har spunne allereie, for dei brukar ikkje så lang tid, seier Magnus medan han engasjert studerer det vesle dyret.

Sommarskulen har fokus på realfaga biologi, matte, fysikk og kjemi. I løpet av veka skal dei unge forskarspirene mellom anna jakte på mikrometeoritter, dyrke bakteriar, kople elektriske kretsar og lage ballongraketter.

Oda Kristin Espe frå Eid er ein av lærarane ved skulen. Til vanleg studerer ho elektro ved Universitetet i Oslo.

– Dette er kjempeartig. Det er kjekt å vere heime på sommarferie og få jobbe med ungar. Vi håper å skape forskarspirer mellom elevane. Alle forsøk og leik er basert på læreplanen på 5.–7. trinna. I år har vi stort fokus på edderkoppar for å få meir empati for dei små dyra. Seinare i veka blir det rakettar og supersåpebobler, seier ho.

Høyr reportasjen frå sommarskulen:

Vegopning på Bergum i Førde kommune