Hopp til innhold

Ungdomspolitikar: Skuledagen bør starte seinare

Fylkesleiar i unge Venstre, Jacob Bredesen, meiner det blir bakvendt å be ungdom legge seg tidlegare. Han vil heller tilpasse skulekvardagen etter ungdommen sin døgnrytme.

Jacob Bredesen Unge Venstre

VIL TA DET OPP: Jacob Bredesen vil ta opp startpunktet for skuledagen hjå unge Venstre og moderpartiet.

– Vi ser at det er problematisk at ungdom søv for lite. Det fører til meir fråvær og dårlegare konsentrasjon. Å få ungdommen inn i betre rutinar kan heilt klart hjelpe, men det blir å starte i feil ende. Det meiner fylkesleiar i unge Venstre, Jacob Bredesen.

Laurdag kunne NRK fortelje om ungdomsskuleelevar i Vågsøy som sovnar i timane, i gongane og på toaletta. Der har rektoren ved Vågsøy ungdomsskule tatt grep og reiser rundt til foreldra på barneskulane for å be dei skape gode rutinar tidleg.

Bredesen er einig i at det kan hjelpe på morgontrøytte ungdommar dersom ein får dei til å legge seg tidlegare. Likevel meiner han at gevinsten vil bli endå betre om ein snur på det og tilpassar første time til ungdommane sin døgnrytme.

– Nyare forsking viser at den biologiske klokka til ungdom frå naturen si side er stilt annleis. Det betyr at ungdom fungerer best frå klokka 10 og utover. Difor trur eg det vil vere betre å ha skulestart seinare på morgonen, dersom ein vil at ungdom skal prestere betre.

Fleire tiltak

Mari Hysing

VIKTIG LÆRDOM: Mari Hysing meiner det er viktig at ungdom lærer å tilpasse seg samfunnet, men meiner vaksne har ein tendens til å stille litt for høge krav.

Foto: Marit Hommedal

Forskar og psykologspesialist ved UNI Research Helse, Mari Hysing, fortalde laurdag at mange ungdommar legg om døgnet så mykje i helgene at det svarar til den jetlagen ein får av å fly rundt halve jorda. Ho meiner at det kan vere noko å hente på å utsette skulestarten, men understrekar at det er viktig at ein samtidig jobbar med rutinar.

– Det stemmer at forskinga viser at ungdom ikkje fungerer optimalt så tidleg. Slik sett kan ein nok tene noko på å utsette skulestarten, men ein bør ikkje gjere det åleine. Det er og viktig at ein jobbar med rutinar, om ein ikkje gjer det så risikerer ein at mange berre utsett leggetida endå meir når dei kan sove lenger.

Realistiske krav

Det er ikkje berre ungdommar som har noko å arbeide med. Hysing meiner vaksne må lære seg å stille realistiske krav til dei unge. Krava bør og vere konsekvente, slik at skulane startar til same tid kvar dag. Ho meiner det er viktig å sende dei rette signala.

– Dersom treninga startar seint og skulen startar tidleg gir det forvirrande signal til ungdommen, og det same ser ein når lekseinnleveringar har fristar ved midnatt. Då sender ein signal om at det er ei god tid å arbeide på. Det er ikkje bra. Innleveringar bør ha frist innanfor det vi ser på som gode arbeidstider.