Hopp til innhold

Ungdommen må også kutte

SKEI (NRK): Denne helga har det vore fylkesting for ungdom på Skei hotell i Jølster. Innsparingskrava til fylkeskommunen har prega fylkestinget.

Fylkestinget for ungdom

VANSKELEGE DEBATTAR: Ungdommane som har samla seg til fylkesting for ungdom må finne ut kva dei vil prioritere når det skal kuttast i fylkeskommunen dei neste åra.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Vi har litt for mange punkt over kva vi må ta vare på opp mot kva som kan kuttast. Eg trur faktisk ikkje vi fant eit einaste punkt, seier Alice Beate Holm frå ungdomspolitisk utval.

Men også ungdommen må bu seg på kutt i ordningar som er viktige for dei, sidan fylkeskommunen skal spare minst 220 millionar kroner fram mot 2019.

Må vise evne til å prioritere

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som var til stades på fylkestinget for ungdom på laurdag, hadde klare råd til ungdommen.

– Dei må seie noko om kva som er viktigast for dei, men også kome med forslag på kva dei meiner ikkje er fullt so viktig i ein slik kuttprosess.

Åshild Kjelsnes

FORVENTAR PRIORITERINGAR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ventar at ungdommane kan fortelje kva som er viktigast for dei i åra framover.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Men allereie før diskusjonane byrja kunne fylkesordføraren forsikre ungdomen om at nokre ting vil bestå.

– Ungdommens kulturmønstring, ungdomspolitisk utval og fylkestinget for ungdom vil vi halde fram med å støtte også i framtida, kunne Kjelsnes forsikre dei frammøtte ungdommane.

Vil verne miljøarbeidarane

Eit av områda mange unge på fylkestinget trekte fram som viktig, var ordninga med miljøkoordinatorar på dei vidaregåande skulane i fylket.

– Dette er ei ordning som ikkje er lovpålagt, men som er svært viktig for mange unge, meiner Alice Beate Holm.

– Då er det heller andre område vi kan sjå på, som til dømes kor mange studietilbod vi trenger på kvar vidaregåande skule.

Alice Beate Holm

TRIVSEL ER VIKTIG: Alice Beate Holm meiner miljøkoordinatorane er viktig for ungdommen i fylket.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Dag Henrik Nygård er einig med Holm, og har stor tru på at ordninga skal halde fram då han meiner det forpliktar å smykke seg med tittelen trivselsfylket.

– I eit trivselsfylke som Sogn og Fjordane er det viktig med trivsel på skulane også, slår han fast.