Hopp til innhold

Ung og lovande o-løpar på pallen

14 år gamle Håvard Nummedal Os frå Førde vart i helga distriktsmeister i orientering på Langeland.

Håvard Os

14-åringen Håvard Os leverte eit solid løp laurdag.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK
Isak Bergset

Isak Bergset frå Veten IL vann klassen sin.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Med tida 23:08 var han over to minutt føre nummer to som var Vegar Westergård frå Varegg Fleridrett.

– Eg hadde store forhåpningar før løpet og no er eg skikkeleg nøgd, seier Nummedal Os.

Aktiv gut

Den aktive niandeklassinga driv også med fotball og sykling, i tillegg til orienteringa. Tidlegare i år vart han krinsmeister tre gonger. Han veit enno kor mykje han vil satse på orienteringa.

– Eg må sjå kor motivert eg er. Akkurat no spring eg ein del og reiser rundt på løp, men eg tek ein sesong om gongen.

Søndag sprang han stafett, og laget hans enda på 4. plass. Dei to andre på laget var Sivert Vinjevoll Årdal og Vegard Hegrenes.

– To store talent

Løypeleggjar Helge Scei seier at Nummedal Os er eit stort talent.

– Han sprang inn til ei veldig god tid, med god margin til andremann som var ein stor utfordrar på førehand.

Han trekkjer også fram vinnaren av herreklassen 17-18 år.

– Isak Bergset frå Veten IL er også ein veldig talentfull og lovande løpar. Han har ikkje fått trena så mykje i det siste på grunn av sjukdom, men klarte likevel å vinne. Han kom i mål 05:35 minutt før andremann.

Det er orienteringsgruppa i Førde idrettslag som arrangerer Vestlandsmeisterskapen dette året, med deltakarar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Her finn du alle resultata frå løpet