Hopp til innhold

Ung mann varetektsfengsla for nye, alvorlege truslar

I neste månad må mannen svare for vald og alvorlege truslar mot ekskjærasten. Før helga vart han pågripen og varetektsfengsla for nye, alvorlege truslar.

Sogn og Fjordane tingrett

MÅ I RETTEN: Mannen i 20-åra må svare for vald og fleire alvorlege truslar når han i byrjinga av juni møter i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Medan han venta på at rettssaka kjem opp, har mannen i 20-åra gjort seg skuldig i nye lovbrot. På grunn av fare for nye lovbrot, vart han torsdag fengsla i fire veker.

– Sikta har over mange år hatt eit modus knytt til vald og truslar ovanfor ulike fornærma, i kombinasjon med eit eksplosivt temperament som han ikkje ser ut til å ha kontroll over, står det i fengslingskjennelsen.

Inn og ut av varetekt

Mannen vart første gang pågripen og varetektsfengsla i fjor etter at han hadde sona ferdig ein dom for bruk av narkotika og køyring i ruspåverka tilstand. Sidan har han vore under etterforsking for mellom anna vald og truslar mot ein tidlegare kjærast.

Han har også vore inn og ut av varetekt etter nye lovbrot. Mannen har også vore til observasjon hos rettspsykiater.

Det er alvorlege tiltalepunkt mannen må svare for når saka kjem opp i starten av juni. Over to år skal han ha trua og utsett sin dåverande kjærast for både vald og truslar.

Medan ho var gravid tok han ein kniv mot magen hennar og trua med å drepe henne og barnet.

Han skal ha skubba, sparka og tatt kvelartak på kvinna. At ho har halde deira felles barn har ikkje hindra mannen i å utsette henne for vald.

Truga med å drepe

I same periode lada mannen ein luftpistol som han heldt opp mot tinningen hennar og trua med å skyte. Nokre månader seinare, medan ho heldt barnet deira, tok han hovudet hennar i fryseboksen medan han trua med å knuse det.

Mannen skal seinare ha trua med å drepe kvinna og heile familien hennar. Han skal også ha uttala at han vil «stelle i stand eit helvete for familien hennar» og at han skulle «opne porten til eit helvete».

I tillegg trua han med å sprenge bustaden til ein barnevernstilsett med spikerbombe. Han skulle deretter valdta borna.

Samtykka til fengsling

Mannen er også tiltala for bruk av narkotika og doping, samt for å ha trua ein annan med kniv. Han er også tiltalt for vald.

Då mannen før helga vart framstilt for varetektsfengsling, samtykka han til dette.

Sogn og Fjordane tingrett finn at det er store sjansar for at mannen gjer nye lovbrot om han ikkje blir fengsla. Dei viser også til at mannen, trass hans unge alder, har utsett sine næraste for omfattande vald og truslar og verkar for å ha høg grad av aggresjon og liten impulskontroll.