Hopp til innhold

Underslo åtte millionar - no må mannen i fengsel

Ein mann i 40 åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i to år etter underslag av kring åtte millionar kroner i samband med bilhandel.

Bobiler i Lillesand

UNDERSLAG: Gjorde underslag i samband med sal av bubilar – no må mannen i fengsel. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kari Løberg Skaar / NRK

Seks månadar av dommen er på vilkår med ei prøvetid på tre år. Retten meiner at mannen har utnytta tilliten til både arbeidsgjevar og kundar i verksemda der han underslo pengar.

Køyretyseljaren stod tiltalt for å ha selt ei rekkje bubilar der han har stukke heile eller delar av beløpet i eiga lomme . Den samla summen han skal ha svindla til seg er på i overkant av åtte millionar kroner. Sju av millionane skal han ha svindla til seg frå den tidlegare arbeidsgjevaren sin. Den siste millionen skal vere frå to privatpersonar som kjøpte bubil hos tiltalte.

I tillegg til fengselsstraffa har retten kome til at mannen skal betale sakskostnader til det offentlege på 10.000 kroner, sjølv om aktor ikkje hadde sett fram krav om dette.

Dømd på fem punkt

Under rettssaka erkjente mannen straffskuld for fleire av forholda. På andre punkt vedgjekk han delvis straffskuld, medan han på nokre punkt nekta straffskuld.

Retten har funne han skuldig i tre tilfelle av grovt underslag, samt to tilfelle av dokumentfalsk, der han har forfalska kjøpskontraktar som del av underslaget frå arbeidsgjevaren.

Har ikkje tatt stilling til anke

Per Kjetil Stautland

KOMPLISERT JUSS: Forsvarar Per Kjetil Stautland

Foto: Tone Lin Støfring

– Vi er tilfreds med at vi har fått gjennomslag for mildare straff enn påstanden frå aktor, som var på to år og to månader fengsel. Dommen han no har fått er ni månader kortare enn det påtalemakta ynskte, seier Per Kjetil Stautland, som er forsvarar for mannen.

Han understrekar at dei no må bruke litt tid på å vurdere dommen, og at dei førebels ikkje har tatt stilling til om dei skal anke.

– Det er jo ein del komplisert juss her. Men min klient har jo vore budd på at det kom til å kome ein dom her, sidan han har erkjent dei faktiske forholda, sjølv om han ikkje har vedgått straffskuld for alt, seier Stautland.