Hopp til innhold

Meiner byråkratisering og effektivisering går ut over pasientane

– For lite tid med pasientane kan vere farleg, meiner psykolog i Helse Førde HF, Nina Erikstad. No har ho starta underskriftskampanje som ein del av Helsetjenesteaksjonen.

Nina Erikstad

HAR SKRIVE UNDER: Nina Erikstad viser fram underskriftene som kom i løpet av dagen på tysdag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I løpet av tysdag ettermiddag hadde 13 overlegar, turnuslegar og psyokolgar skrive under på at "byråkrati og krav om ein meir effektiv arbeidskvardag, fører til mindre tid til pasientar."

Initiativtakar Erikstad hevdar dette kan gå ut over pasientane.

– Det vert ikkje allitd nok tid til å ta vare på pasientane. Vi har mange innleggingar for tida. Dette er menneske som er alvorleg sjuke, og som skadar seg sjølv på alvorlege måtar. Men vi har ikkje alltid mogelegeit til å følgje opp så godt som vi ynskjer, hevdar Erikstad.

Stadig fleire krav om dokumentering, rapportering og rask behandlingstid kan gå ut over pasientane, meiner Erikstad.

– Det kan ha store konsekvensar for pasientane om vi ikkje får tid til å vere med dei på ein god måte. Då får dei ikkje tryggleiken og rommet dei treng, seier ho.

(Artikkelen held fram under bilete)

Underskriftskampanje

UNDERSKRIFTENE: 13 tilsette har skrive under, og kampanjen er ikkje avslutta enno.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Del av Helsetjenesteaksjonen

Erikstad fortel at kampanjen er inspirert av og ein del av Helsetjenesteaksjonen.

– Dette er jo ei sak som Helsetjenesteaksjonen har jobba med ei stund. Så dette er ein generell kritikk av systemet. Det kjem ein del krav frå leiinga, og dei krava er igjen eit resultat av den politikken som vert ført i dag, som vi må forholde oss til, seier Erikstad.

(LES MEIR: Sjå faktaboks om Helsetjenesteaksjonen).

Erikstad hevdar at ressursar som kunne vorte brukt til pasientbehandling, ikkje alltid vert brukt til det.

– Ein leiar på ei avdeling fekk beskjed om å gå gjennom absolutt alt dei andre på avdelinga hadde gjort. Dette tok veldig, veldig lang tid. Leiaren er også klinikar, og kunne brukt tida på arbeid med pasientar, hevdar Erikstad.

Erikstad seier at papirarbeid og rutinar er viktig, men oppfordrar til nytenking.

– Det finnes gode grunnar til at vi har byråkrati. Men vi må tenke på kva type byråkrati vil skal ha. Skal det handle om kor mange pasientar vi behandlar og kor raskt vi gjer det, kor fort vi får dei ut igjen? Eller skal det handle om kor fornøgde pasientane er med den hjelpa dei får?

For lite tid til pasientar på grunn av dokumentering, rapportering og rask behandlingstid i det norske helsevesenet kan vere svært farleg, hevdar Erikstad.

– Potensielt kan liv gå tapt. Det vere svært farleg dersom ein ikkje klarar å fange opp alvorleg problematikk som gjer at ein heller ikkje klarar å behandle. Det er ikkje mange som ynskjer å fortelje om vanskeleg traumer, om dei får svært kort tid med behandlaren, meiner psykologen.

(Artikkelen held fram under bilete)

Nina Erikstad

UROA: Nina Erikstad er redd for alvorlege konsekvensar som følgje av måten helsevesenet er organisert.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ynskjer engasjementet velkomen, men føler seg ikkje råka av kritikken

Kommunikasjonssjef i Helse Førde HF, Terje Ulvedal, er glad for engasjementet

– Vi har ingen innvendingar mot at våre tilsette brukar fritida på å samle inn underskrifter. Tvert i mot meiner vi dette viser eit engasjement for faget, og det skal vi synest er kjekt, seier han.

Han meiner underskriftskampanjen er ein generell kritikk.

– Det er avklara med leiinga på avdelinga at dette kan gjerast. Eg opplever ikkje at dette er retta spesielt mot Helse Førde. Tvert i mot er dette slik eg oppfattar det ein landsomfattande aksjon, Helsetjenesteaksjonen, som har tilhengarar på sjukehus frå Sørlandet til Finmark. Og som sagt, vi har ikkje noko i mot det, seier Ulvedal.

Terje Ulvedal

GLAD FOR ENGASJEMENTET: Kommunikasjonssjef i Helse Førde HF, Terje Ulvedal, synes det er kjekt med engasjement.

Foto: Ukjent / Helse Førde

Ulvedal seier at det vert jobba kontinuerleg med å finne den rette balansen mellom administrasjon på den eine sida, og pasientbehandling på den andre.

– Det vil alltid vere ulike oppfatningar av korleis helsevesenet skal organiserast, og det må vi finne oss i. Vi må også finne oss i at tilsette i helsevesenet engasjerar seg i ein slik debatt, seier han.