Hopp til innhold

Underdal senka Stryn

Med fire mål i borteoppgjeret mot Stryn, deler Arild Underdal (Fjøra) statusen som toppscorar i 3. divisjon med Steinar Tenden (Førde).

Arild Underdal

Fjøra-spelar Arild Underdal har i haust putta 11 mål på fire kampar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Begge står bokført med 16 scoringar. Ikkje dårleg for ein jølstring som etter vårsesongen stod bokført med fem scoringar.

LES OGSÅ: Målfest i Stryn

- Det er ikkje noko eg tenkjer særleg på i kampane, men jobben min er å score mål. Det gjekk tungt i vår, men no har det lausna. Det gjer godt for sjølvtilliten, seier jølstringen.

SJÅ OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

Fire mål mot Stryn

Underdal gjorde jobben sin til gagns mot eit stryneforsvar som i haust har leke som ein sil. Då Fjøra vann 6-5 laurdag, stod jølstringen for fire av måla. To før kvilen, og to etter kvilen.

- Vi er til vanleg gode heime og dårlege borte. I dag var vi hakket betre enn Stryn. Vi fekk mange kontringar og mykje rom å spele på. Det var ufatteleg deilig å vinne. Slike kampar er kjekke å spele, strålar han.

Trudde på siger

Stryn på si side har rakna i haust. For andre kamp på rad sleppte dei inn seks mål. Berre botnlaga Selje og Skavøypoll har sleppt inn fleire baklengsmål.

- Stryn er ikkje lett å slå på bortebane, men vi såg oppgjeret mot Sogndal 2. Då visste vi at dei ikkje var umoglege å slå, seier Underdal. Jon Terje Tjellaug resignerer etter tapet for Fjøra.

- Vi skal vere gode nok til å tukte Fjøra heime, men du kan ikkje vinne kampar når du slepp inn seks mål, seier ein skuffa spelande trenar.

LES OGSÅ: Tjellaug: - Vi skal slå Fjøra heime