Ulykkessjåfør utan lappen

Sjåføren av bilen som køyrde av vegen på E39 i Gaular hadde ikkje førarkort, melder Vest politidistrikt. Det var berre mindre personskadar etter utforkøyringa. Politiet har oppretta sak.