NRK Meny

Ulovleg transport i Lærdal

Ved ein kontroll Statens vegvesen hadde på Håbakken i Lærdal i går vart eit latvisk transportfirma meldt til politiet for ulovleg kabotasjetransport. Føraren kunne ikkje dokumentere at han hadde hatt internasjonal last før den nasjonale lasta han hadde på vogntoget under kontrollen. I tillegg var vogntoget overlasta. Det vart ilagt køyreforbod og eit gebyr på 7850 kroner.