Støyen er nesten ikkje til å leve med, ifølgje nabo Ingunn Jevnaker i Utladalen.
- Det er smell som ljomar mellom fjella her som børseskot, fortel Jevnaker.
Tidleg og seint
Sunde Gjenvinning har drive industri i Utladalen i Årdal i mange år. Men det er først den siste tida at støyen frå gjenvinningsselskapet har blitt ille for naboane. I eit brev som Årdal kommune har sendt vidare til Fylkesmannen, blir det klaga på støy til seint på kveldane og i helgane.
- Det er greitt når dei held seg innanfor arbeidstida. Men dei jobbar mykje overtid, og at vi ikkje får fred på sundagane ein gong tykkjer eg er for gale, seier Jevnaker.
Ho fortel at dei ein del sundagar må høyre på støyen frå tidleg morgon til seks om kvelden.
- Mykje å gjere
Jens Vidar Sunde i Sunde Gjenvinning tar klagen frå naboane på alvor. Han vedgår at det har blitt ein del støy den siste tida fordi selskapet har hatt mykje å gjere, og innser at det kan ha vore plagsamt for dei som bur i nærleiken. No lovar han å gjere noko med det.
- Vi skal sjå på det, og gjere det beste ut av det, seier Sunde.