Hopp til innhold

Uklart når straumen er tilbake

Tung snø som har lagt seg på straumnettet gjer at fleire innbyggjarar i Sunnfjord er utan straum. Teleproblema som har oppstått i samband med dette er i hovudsak løyste.

Tre over straummast

PROBLEM: Tunge snømassar som har lagt seg på tre rundt om i fylket har skapt utfordringar. Fleire bygder og grender i fylket er utan straum.

Foto: Sunnfjord Energi

– Det er straumlaust frå Vassenden til Sandalen og frå Vassenden til Ålhus i Jølster på grunn av høgspentfeil. Også i Guddalen frå Yndestad til Steinset er dei utan straum, og det gjeld også i området Hornnesvika, Erdal og Klopstad i Førde, fortel administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.

Hovudårsaka til straumproblema er tung snø som har lagt seg på tre som igjen har lagt seg over straumlinjene. Alt tilgjengeleg personell arbeider med å finne og rette feil. Kor tid alle har fått lys i lampene og elektrisiteten heilt tilbake, kan ikkje energiselskapet kome med nokon garanti om.

– Vi jobbar det vi greier, men kan ikkje love hundre prosent at straumen er tilbake i løpet av ettermiddagen eller kvelden. Det er tungt å kome seg fram i terrenget, seier Behrens.

Ikkje alvorlege konsekvensar

Natt til tysdag og i morgontimane var også mobil- og telefonnettet nede i store delar av Ytre Sogn og Sunnfjord. Ei rekkje kommunar har vore heilt utan telefondekning. Årsaka var straumbrot ved eit knutepunkt i Rutledal.

Fredrik Behrens

STRAUMLAUST: Sunnfjord Energi sine kundar er utan straum i fleire bygder og grender. Administrerande direktør i selskapet, kan ikkje kome med lovnadar om når straumen er tilbake.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Også NetCom melder om problem i samband med straum- og teleproblema i fylket.

– Først og fremst er det kundar i Aurland, Flåm og Lærdal som er råka av feila. Hovudårsaka er Telenor sine problem, som då fører til problem for NetCom, fortel kommunikasjonsrådgjevar, Ellen Scheen, i NetCom.

Håpet er at alle feil er retta til klokka 16.

– Det meste av telesambandet var tilbake kring klokka 10. Vi har ikkje fått melding om store problem, heller ikkje i kommunane. Det er heller ikkje rapportert om at det har oppstått spesielle problem utover at det er eit problem i seg sjølv at telenettet er ute, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Han er klar på at omfattande feil ikkje bør skje, men er likevel klar på at det vanskeleg let seg gjere å utradere alt av feil på straum- og telenettet.

– Når nettet dett ned så kan det få alvorlege konsekvensar, og det er ikkje greitt. Vi kjem nok aldri dit at nettet er godt nok eller robust nok til å tole ei kvar påkjenning, men det må ikkje hindre at ein leitar etter dei beste løysingane og lagar nettet minst mogleg sårbart, seier Stensvand.