Ugla gjekk rett i ruta og fekk hjelp av gode naboar

Kva gjer du om ei ugle smell hovudet inn i vindauga og får hjerneristing? Då legg du den trygt i stabilt ugle-leie i ei kasse og ringer ekspert om råd.

Ugle med hjernerystelse i Sogndal

UGLEKASSE: Den noko groggy ugla fekk godt stell og er truleg snart på vengene igjen i Sogn.

Foto: Vibeke Johnsen

Det var akkurat det som hende denne veka i nabolaget til Vibeke Johnsen og Leif Longvanes i Sogndal.

– Mannen kom min heim frå skitur og synte seg å vere litt oppstyr i nabohuset. Akkurat då hadde ei kattugle krasja i vindauga. Det var ein bra smell, fortel Vibeke Johnsen til NRK.

Ektemann Leif har litt erfaring med villfugl, så han fekk lagt den over i ein kasse med litt snø oppi. Så ringde han til Alv Ottar Folkestad på Sunnmøre. Han er ein velkjend ornitolog og hadde råd å kome med.

– Han sa då at det mest truleg var hjerneristing, så då måtte ugla ha det mørkt og vere i ro. Då eg kom heim, fekk vi lagt ugla på ei god ladning med Klassekampen med eit handklede over, fortel Johnsen.

Torsdag prøvde dei å sleppe ugla ut i det fri igjen.

– Den var i betre form, men den var framleis litt groggy. Då synte det seg at det var ein på Leikanger som alt hadde ei ugle i pensjon, som då kunne ta seg av ugla.

Turen gjekk då frå lokalsjukehuset i Sogndal til ugle-sentralsjukehuset på Leikanger.

– Kattugla er verkeleg eit vakkert dyr. No vi reknar med at om nokre dagar så er den ut i det fri igjen, fortel Vibeke Johnsen.