Hopp til innhold

Ueinig om plassering av senter

Ifylgje rådmannen i Lærdal herskar det ingen tvil om at eit distriktsmedisinsk senter må ligge i Lærdal. Men Sogndalsordføraren vil ha senteret på si side av fjorden.

Sjukepleiarstudentar
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Innføringa av distriktsmedisinske senter, DMS, er ein del av Samhandlingsreforma og vert omtalt som "minisjukehus". Eit DMS kan ha mellom anna spesialisthelsetenester, poliklinikk, sjukestove og legevakt.

Målet er at kommunane skal ta seg av pasientane etter at dei har fått behandling på sjukehuset.

Meiner Lærdal ligg godt an

Alf Olsen jr.
Foto: Bård Siem / NRK

Kor mange senter det blir og kor desse sentera skal ligge i Sogn og Fjordane er endå ikkje bestemt.

- For det fyrste har regjeringa sagt at DMS bør ta utgangspunkt i sjukehuset. For det andre har sjukehuset både bygningar, kompetanse og personalmessig infrastruktur det er viktig å bygge vidare på for å få ei best mogleg helseteneste i Sogn, seier rådmann Alf Olsen i Lærdal.

Han meiner det er heilt naturleg at sognekommunane samlar seg om Lærdal.

- Eg trur det er viktig for regionen at vi står samla om dette her, at vi får eit godt tilbod. Vi får veldig store utfordringar på denne sektoren. Kanskje ikkje dei 2-3 fyrste åra, men når vi passerer 2020, understrekar Olsen.

- Vi jobbar for Sogndal

Jarle Aarvoll
Foto: Arne Eithun / NRK

Lærdal kommune har invitert kommunane i Sogn og Helse Førde til å delta i eit prosjekt for etablere- og utvikle eit distriktsmedisinsk senter.

Regjeringa har løyva 2,5 millionar kroner til prosjektet.

- Vi jobbar for for at lokaliseringa av helsetenester til våre innbyggjarar skal vere brukarnært, og då vil det vere naturleg for oss at senteret ligg i Sogndal, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Vil ikkje seie eine eller andre

Luster kommune har tidlegare snakka varmt for ei lokalisering i Sogndal. Men no vil ikkje kommunen ta parti med verken Lærdal eller Sogndal.

- Vi vil ikkje seie ja til DMS på den eine eller andre plassen foreløpig. Vi ser fyrst på kva kommunen kan ta seg av på eiga hand, og tilbake til lokalisering av senter når vi treng samarbeid, seier Luster-ordførar Torodd Urnes.