- Kvinna skulle vore gift for eit og eit halvt år sidan, men papira ho trong hadde styresmaktene rota vekk, seier advokat Louis Anda.
Veletablert
Kvinna frå Mexico, og dei to borna på 15 og 18 år, er veletablert i Balestrand. No har dei fått frist på seg til 7. juli med å kome seg ut av landet. For så lenge ho ikkje er gift med sambuaren, får ho heller ikkje opphaldsløyve. Og gifte seg kan ho berre gjere så lenge ho har lovleg opphald i Norge.
Klage
Vedtaket om utkasting er no klaga inn for Utlendingsnemnda og håpet er at dei vil sjå på saka med andre auge. Anda er ikkje særleg imponert over styresmaktene si handteringa av saka så langt.