NRK Meny
Normal

Tysk turist må sone etter råkøyring

Ein tysk mann er dømd til 18 dagar fengsel etter å ha blitt tatt i høg fart på E39.

Masfjordtunnelen

MASFJORDTUNNELEN: Den lange, tre felt breie tunnelen er ein ynda fartsstrekning på E39 mellom Oppedal og Knarvik. Strekningen har høg prioritet hos UP.

Bilføraren i 50-åra var på ferie i Norge då han onsdag 24. juni i år vart målt til 138 km/t i Masfjordtunnelen i Nordhordland. Fartsgrensa på staden er 80 km/t.

Fjordane tingrett ser i skjerpande retning på at køyringa fann stad inne i ein tunnel, og at tiltalte hadde passasjerar med seg i bilen.

Fengsel utan vilkår er vanleg rettspraksis når farten bikkar 130 km/t i ei 80-sone, og påtalemakta kravde 21 dagar.

Retten legg i formildande retning vekt på at den tyske bilføraren har tilstått utan atterhald. I ein tilståingsdom er han dømd til fengsel utan vilkår i 18 dagar. Han er også pålagt køyreforbod i Norge i 12 månadar. Norske domstolar kan ikkje ta frå mannen føreretten i heimlandet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser