Hopp til innhold

Tysdagsundervisning gjennom skjerm

Kvar tysdag får helse og sjukepleiarar rundt om i Nordfjord undervisning gjennom ein skjerm. Helse Førde sitt telemedisinprosjekt har investert i nytt videokonferanseutstyr til sjukeheimane i regionen.

Telemedisin

TELEMEDISIN: Pleiepresonellet på Eid Sjukeheim følger med på undervisning gitt av farmasøyt Randi Elisabeth Nyhammer-Taklo.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er veldig bra, vi får jo den same undervisninga som om du sit i eit rom og har folk framføre deg, beskriv ei av hjelpepleiarane på Eid Sjukeheim, Reidun Starheimsæter.

Reidun Starheimsæter

FRISKA OPP: Gjennom ein skjerm på Eid Sjukeheim får hjelpepleiar, Reidun Starheimsæter friska opp det ho lærte under utdanninga.

Foto: Elias Engevik / NRK

Eit virtuelt møterom, blir det kalla. Fleire personar kan kople seg opp med kamera, lyd og bilete, og kommunisere saman. På denne måten kan helsearbeidarane frå Hornindal, Stryn, Måløy og andre plassar sette seg bak kvar sin skjerm der dei får undervisning og kan diskutere det dei ser.

– Dette sikra oss at alle får med seg undervisning og informasjon om viktige oppgåver vi gjer i kvardagen. I tillegg knyt det oss saman, seier avdelingsleiaren på Eid Sjukeheim, Sølvi Nesbak Ryland.

Undervisning kvar veke

Kvar tysdag er det undervisning for pleiepersonell i Nordfjord. Undervisninga går føre seg frå dei ulike sjukeheimane eller sjukehusa, eller frå andre stadar i landet der videokommunikasjon er tilgjengeleg.

– Det er fint å ha undervising på denne måten, vi får friska opp igjen, noko vi eigentleg er forplikta til, fortel Starheimsæter.

Kvar veke er det eit nytt tema, der pleiepersonellet skal få repetere det dei lærte i utdanninga, men også bli oppdatert på nye område.

Telemedisin

Helse Førde har eit telemedisin-prosjekt som går ut på å ta i bruk teknologi for å fremje nye måtar å samarbeide på. Prosjektet har finansiert nytt videokonferanseutstyr til 7 sjukeheimar i Nordfjord. No har totalt 9 institusjonar i området dette tilbodet.

–Vi kan dele både tekst og bilete gjennom dette systemet, i tillegg kan vi samtale med kvarandre, stille spørsmål og diskutere slik at vi kjem fram til felles løysingar, forklarer Nesbak Ryland.