Foreldra til Anni Inger Strandos, 88 år gamle Einar og 79 år gamle Synneva fryktar at dottera skal miste heile det sosiale nettverket sitt når ho må flytte.
Avslått
Fram til 1996 var det foreldra som tok seg av dottera heime, og litt hjelp frå det offentlege fekk dei berre siste åra. Men når helsa til foreldra var for dårleg, var eit tilbod på sjukeheimen i Lavik det ho fekk av Høyanger kommune. Men når Lavik Sjukeheim torsdag blir nedlagt, må Anni følgje dei fem ande bebuarane til Kyrkjebø, fire mil lengre unna. Foreldra har bede om at ho får bu på Helsesenteret i bygda, men det har kommune avslått.
Langt å reise
Den lange avstanden til Kyrkjebø klarar ikkje foreldra som er 88 og 79 år besøke ho, og det sosiale nettverket forsvinn rundt Anni, fryktar foreldra. Og sjølv om ho er sterkt funksjonshemma, merkar dei på ho at ho lir av det som skal skje.
Før klagefristen
Pasientane blir flytta alt to veker før klagefristen går ut, og helse- og sosialsjef Arve Varden har sagt at flyttinga vil dei gjennomføre, men Strandos har ikkje tenkt gi opp kampen.