Turnsporten i eventyrleg vekst

- Det har aldri vore med så mange born og unge på stemne før. Det er sikkert og visst, strålar Kenneth Silden etter helgas turnstemne i Nordfjordhallen.

I alt 800 spenstige utøvarar frå 12 klubbar i fylket deltok på det årvisse oppvisningsstemnet går på rundgang mellom klubbane i fylket.

Responsen var så stor at samtlege foreldrepar til dei kring 40 borna i turngruppa til Skavøypoll fekk ei hektisk dugnadshelg. I tillegg måtte gruppa leige inn 16 personar for å hjelpe til med maten.

- Det er veldig bra. Det er nesten utruleg at det har blitt så stort. Eg ser til dømes Stryn, som ikkje plar stille så veldig sterkt, stilte med nær 100 i helga, seier Silden og gler seg over utviklinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turnstemne i Vågsøy

NØGD: - Vi i styret gjekk der borte i 30 timar i snitt. Det vart lite søvn, men du verden så kjekt, strålar Kenneth Silden etter helgas turnstemne.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

300 pluss på tre år

Silden har dei siste åtte-ni åra, han hugsar ikkje eksakt, vore ein pådrivar for turnsporten i Skavøypoll. Han er hovudtrenar i laget og fortel om jamn og god aktivitet i turngruppa.

Elles i fylket er sporten i vekst. Krinsleiar Janne Elin Alsaker, som under tinghelga i mars fekk utdelt krinsfortenestemedaljen i sølv, fortel om kraftig auke både i tal utøvarar og klubbar.

- Vi hadde 1 183 registrerte medlemar i 2006. I fjor var det 1 663, seier ho.

Tilbod som fengjer

Tek ein vekk den trulege feiltellinga på 1 806, der barneidrettsskulane var med i 2009, er aktivitetsåret i fjor det høgaste i 1991. Stryn og Sandane var i fjor dei største klubbane med høvesvis 291 og 262 medlemer.

I hovudsak er det trampett og tumbling som opplever spesiell auke. Her har mange klubbar kasta seg på og gjeve idrettsborna nye tilbod. Eit tilbod som også fell i smak.

- Etter stemne og oppvisningar som vi har hatt i gatene her i Måløy, så får vi spørsmål om vi har plass til fleire i gruppa. Born ser på dei litt eldre som tek salto, og gjerne vil gjere det same, seier silden.

Allsidigheit

Skavøypoll var ifølgje krinsleiaren den første i fylket som starta med trampett og tumbling. Ifølgje Silden skjedde det på 80-talet. Trampett er ei øving der utøvarane hoppar på ei minitrampoline og gjer ulike sprang i lufta. Tumbling er ulike øvingar på matte.

I helga vart også stortrampoline og bom introdusert på stemnet.

- Det flotte med trim er at du trenar alle musklane, og ikkje berre nokre. Du får veldig god balanse og god allsidig trening, seier Silden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turnstemne i Vågsøy

SPREKE: Mange spreke born og unge fekk vise seg fram under det årvisse turnstemnet.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

KM til hausten

Apparatturn har dårlege tradisjonar i fylket, og dei få utøvarane som ynskjer å konkurrere, må ut av fylket. Gledeleg for sporten er at frå og med 2011 er krinsmeisterskapen attende. I alle fall som ein prøvemeisterskap i Eid til hausten.

Silden har sjølv ivra for at meisterskapen skal på terminlista att. Utøvarane i Skavøypoll har måtte reise ut av fylket for å konkurrere.

- Dette er spesielt bra for dei eldste, og kanskje eit tiltak som gjer det lettare å halde på dei. Dei yngste er nøgde med å vere med på samlingane, men dei eldre treng å bli stimulert meir, seier han.