Hopp til innhold

Turistbuss fekk fire bruksforbod

Ein svensk turistbuss fekk fire bruksforbod etter ein kontroll på Skei i Jølster tysdag. Bussen frakta 17 asiatiske passasjerar. I kontrollen vart det mellom anna klart at transportselskapet ikkje hadde løyve til persontransport internasjonalt. Føraren hadde også brote bestemmingane for køyre- og kviletid.