Hopp til innhold

Turistar såg bjørn ved Sogndal

Danske turistar melde måndag frå om at dei hadde sett bjørn ved fjellet Nuken, omlag halvannan times gange frå Sogndal sentrum.

 

Nuken tårnar høgt over Sogndal og er eitt av dei mest populære turområda i Sogn. Etter å ha sett det dei var sikre på var ein bjørn gjekk danskane rett til lensmannskontoret i Sogndal. Det dei fortalde vart vidarelevert til lensmann Asle Karoliussen som handterer bjørnesakene i Indre Sogn.

Observasjonane og sauekadavera etter bjørnen som har halde til i Sogn denne sommaren har så langt vore konsertrerte rundt Jostedalen og Fjærland. Siste observasjonen er gjort i Fjærland for 14 dagar sidan. Det blir rekna som overraskande, men ikkje usannsynleg at bjørnen kan ha gått langt frå breen, som har vore ferdslevegen hans til no.

Etter som det regna mykje i området tysdag kveld såg ikkje danskane noko poeng i å gå tilbake til området for å vise folk frå Statens Naturoppsyn eksakt kvar dei hadde sett bjørnen. Spora ville sannsynlegvis vere borte uansett. Når observasjonen er så usikker, vil ikkje Karoliussen åtvara folk mot å gå turar i området.