Hopp til innhold

Turistane sviktar oss

Dårlege tider i USA råkar turistnæringa i Sogn og Fjordane.

Cruiseskip i Olden
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I juni månad har handelen gått ned med 30 prosent, og hovudårsaka er at amerikanske turistar ikkje tek turen over dammen i like stor grad i år.

Usikre tider

Det er ulike årsakar som er grunnen til at handelen går ned, men ein er viktigare enn alle andre, fortel marnadsssjef Sissel Guleng i Global refund.

- Dei usikre tidene i USA gjer at dei heller tek ferien heime, eller ikkje tek ferie i det heile, seier ho.

Får konsekvensar

I år er nedgongen på tal besøkande frå USA på 47 prosent. I Sogn og Fjordane var det heile 64 prosent færre besøkande frå USA i juni i år samanlikna med i fjor.

Guleng trur dette får store konsekvensar for turistnæringa.

- I og med at turistar frå USA har utgjort ein stor del av marknaden, så får dette konsekvensar, utan tvil, seier Guleng.