Hopp til innhold

Turistane sviktar ikkje Flåmsbana - opplever vekst trass krise og høge prisar

Alt tyder på at det vert ein ny god sesong for Flåmsbana. Så langt har over 34.000 fleire personar teke Flåmsbana i år enn på same tid i fjor.

Flåmsbana ved Kjosfossen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sivert Bakk i Visit Flåm er nøgd med at så mange tek turen med det som blir kalla ei av dei vakraste jernbanestrekningane i verda.

– Flåmsbana går som det susar. Så langt i år har vi hatt ein vekst på nær 12 prosent, seier han.

Bra heilt sidan april

Nok ein gong ser det ut til å bli ein rekordsesong for den verdskjende togstrekninga mellom Flåm og Myrdal. Til no i år har 360.000 personar løyst billett på Flåmsbana, det er 34.000 fleire enn på same tid i fjor.

– Trafikken har vore fantastisk bra heilt sidan slutten av april, seier han.

I år igjen ligg cruiseskipa ligg nærast i kø for å komme inn til Flåm. Og heilt sidan 1998 har det vore ein jamn auke i turistar. Berre i 2008 og 2009 då finanskrisa var på det verste, stoppa veksten opp. Og sjølv om det er framleis er finansiell uro i Europa, tek turistane igjen seg råd til ein tur med Flåmsbana.

Satsar på turoperatørar

Den spektakulære togreisa går frå Flåm stasjon heilt inst i Aurlandsfjorden og opp til høgfjellsstasjonen Myrdal på Bergensbana.

– Når cruiseskipa i Flåm ligg tett, er trafikken på Flåmsbana stor. Men vi har også stor trafikk frå busspassasjerar og dei som kjem med privatbilar.

– Så turistane kjem til Norge trass i høge prisar og den økonomiske krisa i Europa?

– Dei som lykkast er dei som driv med buss og cruise. Det er dei som klarar å halde ein fornuftig pris med gode avtalar på hotell. Vi ser at det er ein svikt på den individuelle turismen, difor satsar vi på cruise og andre turoperatørar fordi vi ser at det er der auken er.