Hopp til innhold

Kalde og trøytte turgåarar berga ned frå Gjegnen

Dei to turgåarane som måtte overnatte ute ved Gjegnen er berga ned. – Dei var kalde og trøytte, men i relativt god form, opplyser Hovudredningssentralen på Sola (HRS).

Gjegnabu

Dei to, ein mann og kvinne i 50-60-åra melde laurdag kveld sjølv ifrå til politiet at dei hadde gått seg ville ved Gjegnabu ved kommunegrensa mellom Gloppen og Bremanger.

I 0930-tida sette eit redningshelikopter dei på bakken ved bilen deira.

– Paret var ikkje så veldig langt frå toppen. Ein snakkar nok meir kilometer enn meter, seier Nils-Ole Sunde ved HRS.

– Det har nok ikkje vore noko glede å sitje på ein fjelltopp i null grader, sjølv om vêret var bra. Det var kaldt og rått, legg han til.

Gjorde nye forsøk

Gjegnabu

HYTTE: Gjegnabu ligg på grensa mellom Bremanger og Gloppen kommunar. Hytta ligg på nesten 1200 meter over havet med utsikt mot Gjegnen/Blånibba (1670 moh.).

Foto: Den Norske Turistforening

Samstundes som redningshelikopteret frå Florø starta nye søk søndag morgon, stod Røde Kors klare med fotfolk om det skulle vere behov. Ut frå meldingane frå paret var det uklart eksakt kvar dei var.

I 08-tida uttrykte paret til politiet at alt stod bra til.

– Vi hadde kontakt med dei stad via SMS, men vi prøver å ikkje sløse så mykje med batteri. Dei uttrykkjer at alt står bra til og no byrjar det å lysne der, opplyste operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Tjukk tåke

Tjukk tåke gjorde det uråd for redningshelikopter å ta seg opp til dei to fotturistane laurdag kveld. Ettersom terrenget er både bratt og ulendt, og dei to ikkje var sikre på kvar dei var, vart det heller ikkje sendt ut fotfolk.

Det var i natt venta temperaturar ned mot nullpunktet ved Gjegnabu. Den eine personen var ikkje spesielt godt kledd for ei natt ute. Dei to er ikkje heimehøyrande i området.

– Situasjonen er ikkje kritisk, anna enn at dei held på å gå tomme for batteri og lys på lommelykta. Dei trur dei er i nærleiken av Gjegnabu, men når det ikkje er tilrådeleg å sende opp fotfolk og helikopteret ikkje kan gå opp, så er det beste at dei held seg i ro der dei er, opplyste operasjonsleiar Espen Gulliksen til NRK ved midnatt.