Hopp til innhold

Turfolk overvurderer seg sjølve

Folk må bli flinkare til å planlegge fjellturane sine. Det seier Jostein Aasen, fjellførar og medlem av den alpine redningsgruppa i Sogn, etter fleire bergingsaksjonar på «Storen» i sommar.

Turtagrø

POPULÆR TUR: Dagleg startar folk frå Turtagrø for å nå toppen på Store Skagastølstind.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

I løpet av kort tid har det vore to bergingsaksjonar i fjella i Sogn. Seinast i helga måtte eit turfølge på fire ha hjelp ned frå Store Skagastølstind. Tidlegare i juli sat to kvinner fast på ei fjellhylle like nedanfor toppen.

Inga skam å snu

– Eg vil råde folk til å planlegge fjellturen sin godt. Folk må gjere eit anslag på kor lang og vanskeleg turen er og om dei har nok erfaring og utstyr til å gjennomføre turen, seier Jostein Aasen, fjellførar og medlem av den alpine redningsgruppa i Sogn.

Han vil ikkje kommentere bergingsaksjonane i sommar, men seier mange overvurderer sine eigne evner.

– Det kan vere at du må klatre med stegjern og vottar, og det kan vere snø og is og veldig vanskeleg å finne vegen, seier Aasen.

Store Skagastølstind er Noregs tredje høgaste fjell og ein draum for mange klatrarar.

– Svært mange klatrar innandørs og på klipper i låglandet. Dei har tekniske ferdigheiter til å klatre svært vanskeleg, men har mindre erfaring med dei høge fjellturane der du kan møte på dårleg vêr, snø, is, tåke og få problem med å finne vegen.

Aasen rår folk til å setje seg delmål undervegs. Viss tidsskjema sprekk, er einaste utveg å snu.

Møter dagleg «sjanglarar»

Turfølgjet som måtte bergast ned i helga tilkalla hjelp rundt klokka 23 fordi dei ikkje fann vegen ned att.

På denne tida av året møter Aasen dagleg det han omtalar som "sjanglarane", folk som har fått ei ufrivillig natt ute i fjellet.

– Når vi går fråTurtagrø tidleg om morgonen, kan vi neste vere sikre på at det er nokon som overnatta ute på grunn av at mørket har kome overraskande på dei. Dei er ikkje så spreke etter å ha sete på ein stein heile natta utan sovepose og liggeunderlag. Så dei kjem då trøytte og slitne sjanglande ned over Skagedalen, seier han.