Hopp til innhold

Turfolk blir skremt bort av snøen

BREHEIMEN: Snø til langt utpå sommaren har gjort at fjellfolket har teke i bruk andre område enn vanleg. I vest har dei opp mot 60 prosent færre gjestar på hyttene.

Den norske turistforening opplever nedgang i besøkende på hyttene sine på vestlandet.Det kalde sommeren får skylden.

TV-SAK: Bli med til Nørdstedalseter, der turfolket startar dagen med frukost og gjer seg klare til å sykle ned frå Breheimen. Reporter: Rune Fossum. Foto/redigering: Jørgen Eide

– Det har ikkje vore noko trøkk å snakke om. No har vi berre ti-tolv personar her, og det er for lite, seier Lars Finskud.

Han er styrar på Nørdstedalseter i Luster, som er blant DNT-hyttene som no merkar at folk søkjer andre område for å vandre i fjellet. For eitt år sidan hadde dei over 400 gjestar i juli – i år kom dei ikkje opp i 300.

– Det er ikkje noko moro. Vi vil jo gjere litt pengar på dette. Samstundes er det kjekkare både for oss og turfolk når det er litt liv i hytta, seier han.

Styrarparet Maj-Britt og Lars Finskud inne på Nørdstedalseter

FÆRRE PÅ BESØK: Maj-Britt og Lars Finskud skulle gjerne ha sett at fleire tok turen til Nørdstedalseter. Styrarparet meiner det er fint å gå i fjellet, trass unormalt mykje snø.

Foto: Rune Fossum / NRK

Langt færre kjem til hyttene i vest

Tal frå juli syner at dei fleste DNT-hyttene i vestlege fjellområde har hatt ein stor nedgang i tal overnattingar denne sommaren. Samanlikna med tala frå i fjor har Skogadalsbøen i Jotunheimen gått ned med 55 prosent. På Hardangervidda har Sandhaug gått ned med 33 prosent – og Litlos har hatt 60 prosent færre gjestar.

– Mykje kan tyde på at snøen vest i Jotunheimen og på Hardangervidda har gjort at fjellvandrarar har teke i bruk andre fjellområde denne sommaren, seier Eivind Haugstad Kleiven i DNT Oslo og Omegn.

Han viser til at Gjendesheim turisthytte i austlege Jotunheimen sette ny rekord med nesten 5500 overnattingsgjestar i juli.

På hytter som Liomseter (Langsua), Svukuriset (Fremundsmarka) og Bjørnhollia (Rondane) kan dei vise til ei auke på over 20 prosent.

Nørdstedalseter i Luster

IDYLLISK: Nørdstedalseter er inngangsporten til Breheimen frå vest, der hytta ligg inst i Fortundalen i Luster.

Har nesten ikkje møtt folk på tre dagar

Truleg er dei store snømengdene i høgfjellet hovudårsaken til at turfolket sviktar hyttene i vest. For det ligg framleis mykje snø i vestlege delar av fjellheimen. Mange trur det er uframkommeleg – men det treng det ikkje vere.

– Det er meir snø enn vanleg, men det er ikkje laussnø – det er hardt og fint å gå, seier Sveinung Torgersen.

Saman dottera Liva og sonen Isak har han gått i tre dagar i Breheimen. Turen starta på Sota Sæter, og siste etappen går på sykkel frå Nørdstedalseter og ned til Sognefjorden.

– Vi har hatt ein kjempefin tur, men vi har berre møtt fire turgåarar på tre dagar. Eg er overraska over at vi ikkje har sett fleire, seier Torgersen.

Håpar og trur på ein god seinsommar

– Folk trur nok det er mykje snø, men her på hytta – 937 meter over havet – er det ingenting.

DNT-skilt til hytter i området

MANGE MOGLEGHEITER: Frå Nørdstedalseter har du eit utal turmoglegheiter innover i Breheimen og den vestlege Jotunheimen.

Foto: Rune Fossum / NRK

På 1200 meter er det meir snø enn vanleg, men den er heilt fin og fast å gå på. Folk som kjem hit er veldig fornøgde, seier styrar Lars Finskud på Nørdstedalseter.

Han håpar no på ein god seinsommar og haustsesong. Då er det framleis mogleg å ta igjen litt av det tapte.

– Vi går no inn i den truleg finaste tida i fjellet. Med gode vêrmeldingar ligg det an til at august kan bli en svært god månad. For interessa er der så utvilsamt, seier Eivind Haugstad Kleiven i DNT.