NRK Meny
Normal

Her enda festen til Anders (23)

FØRDE (NRK): – Asfalten var frosen og det var ikkje så godt å sjå kvar det var glatt. Og når du i tillegg har teke deg nokre drammar, så er det fort gjort å vere uheldig, fortel Anders Rogne (23).

Anders Rogne (t.v.) og Johannes Hestad.

ULIKE HISTORIER: Men ferda på glattisen hamna i sjukesenga for både Anders Rogne (t.v.) og Johannes Hestad. Rogne vart frakta heim på skuldrene til ein kompis, medan Hestad måtte gå heim med sterke smerter.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Uhellet skjedde i Sogndal der vossingen studerer. Det kraftige overtrakket enda med brot i eine foten. Han blei liggjande på bakken med store smerter, medan det strøymde til med kompisar og venninner.

– Eine kompisen min er stor og sterk, og han tok meg rett og slett opp på skuldrene og bar meg heim. Men hadde eg visst at foten var broten så hadde vi reist til lege med ein gong, fortel den sindige vossingen, som vart operert måndag morgon.

Det omskiftelege vintervêret har skapt mange farlege vegar, parkeringsplassar, tun og stiar. I store deler av landet er det kort veg mellom issvullane. Og når den lumske isen mange stader også er skjult under eit tynt lag med snø, kan det vere ei farefull ferd å gå utandørs for tida.

49 venta på operasjon

Det har mange smertefullt fått erfare. Både på legevakter og operasjonsstover på sjukehusa er det meir køyr enn vanleg. Berre ved Haukeland universitetssjukehus låg 49 pasientar i kø for å verte opererte måndag morgon. Dei fleste med brotskadar etter fall på isen.

– Det er ny rekord. Eg har knapt opplevd liknande, seier overlege Jonas Fevang på ortopedisk avdeling.

– Meir enn normalt

Ved sentralsjukehuset i Førde opplever kollega, overlege Svenning I Lida, det same.

Svenning I Lida

STRESS NED: Overlege Svenning I Lida ber folk vere forsiktige, stresse mindre og bruke broddar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er mykje meir i år. Det er ein del år sidan vi har hatt så mange skader der folk har falle på glatta. Eg har ein mistanke om at det er mange skumle plassar der det er veldig glatt som på skogsvegar og tun. Der er det mange som har falle og skada seg.

Gjekk 500 meter med broten fot

Johannes Hestad (77) frå Bygstad deler rom med Rogne. Han ventar på å verte operert etter eit fall på glattisen heime. Med sterke smerter vart han liggjande – utan mobiltelefon. Han hadde ikkje anna val enn å gå kring 500 meter for å få hjelp.

– Dett var ikkje behageleg. Men eg kunne ikkje ligge der. Det var jo ingen som visste at eg var der, og det kunne fort gått både ein og to timar før eg vart etterlyst.

Overlegen ber folk stresse mindre, bruke broddar og sjå kvar ein set føtene når det er glatt, spesielt i trapper og bakkar.

– Då går det som oftast betre, meiner Svenning I Lida.

Isete gater i Førde.

SÅPEGLATT: Mange stader i landet ser vegar og fortau ut som dette. Resultatet er rekordmange beinbrot.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK