For førsteamanuensis i geologi ved Universitetet i Tromsø, Stein Bondevik, kan fortelje historia om tsunamien som råka Mørekysten ei tid tilbake. Nærmare bestemt 8000 år. Og epoken vi snakkar om er den eldre steinalderen.
Frå Troms til Skottland
Då gjekk det eit vanvittig
Utgraving av steinalderfunn (Foto: NRK)
stort ras ute på Storegga, rett utanfor Mørekysten. Dette raset blir rekna for å vere eitt av dei aller største undersjøiske ras som er kartlagt. Raset sette i gong ei uhorveleg stor flodbølgje, og ho ramma stort. Det finnast spor etter ho langs heile norskekysten, i frå Bømlo i sør og nordover til Troms. På Færøyane, Shetland, i Skottland og på Island kan vi òg sjå spor etter flodbølgja.
Så dette var ei forrykande svær hending.
Dramatisk for steinalderfolket
Det er vanskeleg å sjå for seg kva som utløyste tsunamien på norskekysten. Men det geologane ser for seg er at det må ha vore eit jordskjelv opp mot 7 på Richters skala, som rista såpass kraftig at massane rasa ut. Og geolog Stein Bondevik seier det er vanskeleg å vite kva konsekvensane av denne flodbølgja var, sia det ikkje er mogleg å snakke med nokon som har opplevd det.
- Men det vi veit når det gjeld folka i eldre steinalder, er at buplassane vi har funne ligg heilt nede ved strandkanten. Og vi kan jo berre tenkje oss til korleis desse folka har hatt det.
Buplass frå steinalderen (Illustrasjon: www.steinalder.no)
Opptil 50 meter over havet
For bølgjene som slo inn over norskekysten for 8000 år sia gjekk høgt over havet. Dei høgste nådde 10-12 meter over havnivået på den tida. Men når flodbølgja forplanta seg innover i fjordane, må bølgjehøgda ha auka over desse 10-12 metrane.
- Vi har laga ein matematisk modell som syner korleis bølgja har forplanta seg utover langs Norskekysten. Og det vi ser er at inni tronge fjordar kan vatnet nå opp til mellom 30 og 50 meter over havnivået. Hadde dette skjedd i dag ville det vore kolossalt dramatisk, fortel Stein Bondevik.
Storeggaraset utløyste tsunamien på Mørekysten for 8000 år (Kjelde: Bondevik og Harbitz, 2002)
Nyleg oppdaga
Det var først nyleg at geologane fann ut kva som skjedde den gongen. Dei har undersøkt ei heil rekkje med innsjøar, som låg nær havnivået for 8000 år sia.
- Vi ser at vatn frå flodbølgja har fossa opp på land og inn over desse innsjøane. Og det er nokså dramatisk når vi studerer avleiringane, seier Bondevik.
Som i Indonesia
For i dei store mengdane sand som er transportert inn frå sjøsida, fann geologane fiskebein, skjellmateriale, stein og grus, torvklumpar, greiner og blad som bølgja rota med seg. Og Stein Bondevik meiner dette absolutt kan samanliknast med tsunamien som slo inn over delar av Asia i romjula.
Tsunamien som slo inn over Søraustasia i romjula (Amatørfoto: Reuters)
- Det er eigentleg akkurat det samme du ser no i Indonesia, med bølgja som kjem inn og riv med seg omtrent alt som er i nærleiken, seier han.
Uvisst når neste tsunami kjem
Det mange spør seg om, er om noko slikt kan skje igjen. Og geolog Bondevik og kollegaene hans trur at sia dette har skjedd no, vil det heilt sikkert kome til å skje fleire gonger.
- Men om det går tusen år, eller om det vil skje i morgon eller om ti tusen år, det veit vi ikkje, avsluttar geologen, som har gravd i sandmassane etter tsunamien som forstyrra buplassane langs norskekysten i den eldre steinalderen.