NRK Meny
Normal

– Dette er slendrian, rasar Trygg Trafikk etter ti tilfelle av usikra barn i bil på kort tid

Trygg Trafikk er forferda over at politiet dei to siste vekene har kome over ti usikra barn i sine kontrollar ved skulane i Sogn og Fjordane.

Audun Heggestad

UROVEKKJANDE: Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner foreldre må ta seg tida til å sikre barna i bil.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Dette er rett og slett slendrian, seier ein svært oppgitt fylkessekretær i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.

I samband med Aksjon skulestart har politiet gitt ti foreldre forenkla førelegg for manglande sikring av barn i bil. Det er i snitt eitt tilfelle kvar skuledag dei siste to vekene.

– Ei billeg livsforsikring

Audun Heggestad i Trygg Trafikk er svært glad politiet set fokus på trygg skuleveg.

– Dette er veldig viktig, ikkje minst når ein ser kor mange reaksjonar politiet har gitt, seier han.

Av dei ti tilfella av usikra barn i bil som er oppdaga dei siste to vekene er det både små barn i bilsete og større barn som greier ta av og på seg belte sjølv. Heggestad meiner berre eitt tilfelle er eitt for mykje, og meiner ti tilfelle på så kort tid er svært urovekkjande.

– Vi har teljingar frå tidlegare der det har vore langt mellom dei usikra barna, spesielt på landevegen. Sikring av både vaksne og ungar med bilbelte er veldig viktig, og det er ei billeg livsforsikring, seier Heggestad.

Barn i bilsete

ALLTID: Audun Heggestad i Trygg Trafikk seier bilbelte alltid skal vere på, både på vaksne og barn i bil.

Foto: Colourbox

– Dårleg tid og stress

Trafikkoordinator Trond Hatlenes i Sogn og Fjordane politidistrikt seier foreldre som har blitt stogga dei siste to vekene med usikra barn i bilen har forklart det med tidsklemma.

– Som oftast er det dårleg tid og stress som gjer at dei har gløymt det. Dei blir då oppmoda om å ta seg den tida det tek å sikre barna, og heller komme litt for seint enn å hamne i ei trafikkulukke med eit skadd barn, seier Hatlenes.

– Eg trur det er svært sjeldan at foreldre let vere å sikre ungane sine med vilje, legg han til.

Ber foreldre skjerpe seg

Men dårleg tid og stress er ikkje ei forklaring Audun Heggestad i Trygg Trafikk vil godta frå foreldra.

– Dette har vi høyrt også tidlegare. Usikra barn kan bli utsette for store skader, så dette er rett og slett omsorgssvikt og bør ikkje skje.

Han har ei klar oppmoding.

– Så mange sekund som dette tar må ein ta seg, slik at ein får sikra ungane sine skikkeleg.

Trond Hatlenes

SKUFFA: Også Trond Hatlenes i politiet er skuffa over at så mange som ti foreldre har blitt stoppa med usikra barn i bilen på berre to veker.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune