Hopp til innhold

Trur Vikafjellet blir opna før 12

Ein geolog frå Statens vegvesen er akkurat no inne i området ved Storehaugtunnelen på Vikafjellet, der det i går gjekk eit større snøskred. – Det er no minusgrader og ikkje meldt om stor rasfare, men geologen vil vurdere dette nærare, seier vakthavande Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal. I går kveld sa Vegvesenet av det ville bli gjort ei vurdering av opning av fjellet klokka 12 i dag, men no ser det ut til av vegen vil opne i løpet av føremiddagen.