Hopp til innhold

– Det hadde lett gått eitt par bilar under der

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt ved Storehaugtunnelen på grunn av snøskred. – Vi tok ikkje sjansen på å stå her, så vi rygga fort ut, fortel Vegard Dale Bergheim.

Snøskred på Vikafjellet

SNØSKRED: Eit snøskred stengjer riksveg 13 over Vikafjellet.

Foto: Vegard Dale Bergheim

SISTE: Like over klokka 22 melder Statens vegvesen at Vikafjellet ikkje blir opna att i dag. Ny vurdering tysdag klokka 12.

Det var bilistar som meldte inn om snøskredet som har gått på vossasida av tunnelen. Den første meldinga kom klokka 2006.

Vegard Dale Bergheim og ein kollega Ida Kleppe i Pandora Film var dei første som kom til snøskredet.

– Det er breitt, dekkjer ein god del av vegbana, og er sikkert to-tre meter i høgde. Det hadde lett gått eitt par bilar under der, seier Bergheim.

Ida Kleppe og Vidar Dale Bergheim

VENTAR: Ida Kleppe og Vidare Dale Bergheim kom som dei første til snøskredet på Vikafjellet. – Vi har bestemt oss for å vente litt, for å sjå om dei opnar fjellet att, seier Dale Bergheim.

Foto: Privat

På veg til Vik for å lage film om fotgrafen Thomas Morel vart det bråstogg ved Storehaugtunnelen på Vikafjellet. Skredet var nett kome i vegbana då dei kom fram.

– Vi køyrer her ikkje så ofte og var usikre på om det kunne kome meir, så vi rygga fort ut att, seier Dale Bergheim.

Etter det politiet og Statens vegvesen opplyser, er det ikkje mistanke om at nokon er tekne av skredet.

– Det stod køyretøy på begge sider av skredet. Det blir meldt at skredet var høgare enn ein personbil, men lågaren enn ein buss. Han eine eg snakka med kjende seg uttrygg og ville trekkje seg ut, seier Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Vegard Dale Bergheim

SNUDDE: Vegard Dale Bergheim var den første som kom til snøskredet frå Voss-sida, og varsla om skredet.

Foto: Ida Kleppe

Dale Bergheim fortel i 21-tida at entreprenørar er på staden og har starta ryddearbeidet. Om fjellovergangen opnar eller om dei må gjere vendereis er førebels uvisst.

– Men det er veldig fint på fjellet her i dag. Nesten vindstille, ingen nedbør og tørr og fin asfalt. Det er berre snøskredet som øydelegg, seier han og er glad for at ingen ser ut til å ha blitt tekne i skredet.

Saka blir oppdatert.

Storehaugtunnelen