Hopp til innhold

Synte fram teknologimiljøet i Sogn og Fjordane for regjeringa

SOGNDAL (NRK): – Vi er ikkje best på noko, men langt framme på mykje, meiner Gunnar O. Hæreid som er assisterande fylkesmann.

Møte på difi med statssekretær

RUNDREISE: Statssekretær Paul Chaffey fekk presentasjonar av jobben Direktoratet for forvaltning og IKT på Leikanger gjer, dei lokale bedriftene Highsoft frå Vik og nLink og Rocketfarm i Sogndal, samt digitaliseringsarbeidet fylkesmannen gjer.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Statssekretær Paul Chaffey (H) frå kommunaldepartementet fekk full innføring i teknologiske miljøet i både private bedrifter og i det offentlege i fylket under sitt besøk i Sogn.

Kommunaldepartementet har ansvar for IKT-politikken i landet, men det er ikkje så ofte dei får reise rundt og få eit nært møte med korleis etatane i distrikta jobbar med digitalisering, fortel Chaffey.

– Eg har fått masse innspel og skildringar på kva verksemder her gjer for å fornye og forbetre det dei gjer ved å ta i bruk teknologi for å gi innbyggarane betre tenester, fortel han.

Les meir om det teknologiske miljøet i Sogn og Fjordane:

– Ikkje best på noko, men langt framme på mykje

Gunnar O. Hæreid er assisterande fylkesmann og styreleiar i IT-forum. Dei er eit samarbeid mellom private bedrifter og offentlege aktørar for å utvikle informasjon- og kommunikasjonsteknologi til bruk i næringsliv, offentleg sektor, helse og utdanning.

Nokre av eksempla han trakk fram for statssekretæren i dag, er fylkesmannen sitt arbeid med fritt rettsråd.

Gunnar O. Hæreid

ASSISTERANDE FYLKESMANN: Og styreleiar i IT-forum, Gunnar O. Hæreid. IT-forum er eit samarbeidsprosjekt der blant andre Vestlandsforskning, fylkesmannen og lokale bedrifter samarbeider om å utvikle digitale løysingar på tenester for folk flest.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er ei teneste der advokatar søker fri rettshjelp til sine klientar hos fylkesmannen. Det har blitt så bra at advokatforeininga heilhjarta tilrår sine medlemmer å nytte løysinga.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var også tidleg ute med å utvikle ei løysing for å separere seg på nett, fortel Hæreid.

– Men der sleit vi med å finne prøvekaninar i fylket. Her er jo skilsmissestatistikken så låg, så vi måtte låne nokon frå Oslo, fortel han.

Kanskje har du høyrt om meldingsløftet, der

Framover er det spesielt helsesektoren og tenester som skal gjere at folk skal bu lenger heime med god livskvalitet som er satsingsområde for teknologien frå fylkesmannen.

Smått og godt

Taktikken dei brukar i IT-forum er å utvikle ting i små steg om gongen, forklarar Gunnar O. Hæreid.

– Det viktigaste er å syne korleis vi jobbar og korleis desse metodane passar godt inn i regjeringa sin strategi med stegvis utvikling, fortel Hæreid.

Han meiner vi har ein fordel i Sogn og Fjordane med at miljøet er lite og tett.

Paul Chaffey

STATSSEKRETÆR: Paul Chaffey (H) er statssekretær i kommunaldepartementet som har ansvar for IKT-politikken i landet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi er relativt små etatar, og er vande med å jobbe i lag. Ingen er store nok her for å få til ting aleine. Så samhandlingskulturen er veldig viktig, meiner han.

Det var også noko statssekretær Paul Chaffey (H) let seg merke med etter ein halv dag med innføring i Sogn og Fjordane si digitale verd.

– Det verkar som ein fordel, slik eg får det skildra, at miljøa kjenner kvarandre. Samarbeidet mellom ulike sektorar, stat og kommune er betre og tettare enn andre plassar, seier Chaffey.