Hopp til innhold

Trur på reprise av EM-finalen - men denne gongen skal det skje i Årdal

EM-finalistane Danmark og Serbia kan komme til å gjere opp seg imellom på ny – no i Øvre Årdal.

Danmark - Serbia

NY KAMP? Danmark og Serbia møttest i EM-finalen i handball. No kan dei brake saman igjen i Øvre Årdal.

Foto: Andrej Cukic / Ap

– Serbia er interessert i å komme hit og spele kamp. Det er heilt fenomenalt, seier sportsleg leiar Torstein Kvam i Jotun.

Det er gått knapt ein månad sidan Danmark slo Serbia 21–19 i ein dramatisk EM-finale i handball for herrar.

No er Serbia tydeleg interessert i å få revansj for tomålstapet.

I ein e-post til Jotun sonderer dei moglegheitene for å komme til Øvre Årdal i perioden Danmark skal vere der på treningsleir i juni.

Trur på bortimot 1000 tilskodarar

– No får vi sjå om vi klarer å få dette i boks. Mykje er opp til oss sjølve no, seier Torstein Kvam.

Danskane sin landslagstrenar Ulrik Wilbæk skal ha vore godt nøgd med opphaldet då det danske damelaget var på treningsleir i Årdal på 90-talet, og no kjem han tilbake til Sogn med herrelaget.

Helst ville Danmark møte Norge, men det norske landslaget er oppteke med VM-kvalik. No kan Serbia bli motstandar framfor bortimot 1000 tilskodarar i Årdalshallen.

– Trenarar og støtteapparatet til Serbia fekk høyre at Danmark skulle vere her. Dette er i ein stille periode for dei beste landslaga, og då vil dei gjerne ha god treningsmotstand, seier Kvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

Almir Ljajic og Torstein Kvam

HAPPENING: Jotun-trenar Almir Ljajic og sportsleg leiar Torstein Kvam har lov å håpe på ein storkamp mellom EM-finalistane i Øvre Årdal til sommaren.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Håpar på plass i dansk TV

Men: det er på langt nær alt som er på plass før partane endeleg kan avtale treningskamp.

Arrangøren ser for seg å dekkje kost og losji for laga, men er ikkje interessert i å betale for reisa. For å klare det økonomiske løftet, er dei avhengige av nye sponsorar.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:

– Eg er alltid optimist, og eg trur vi skal klare å få det til. Med kamp mellom Danmark og Serbia, bør det vere greitt å få dekning på dansk TV – og kanskje også norsk. Då kjem også sponsorane, seier Kvam.

Då det vart arrangert internasjonal treningsturnering i Årdal på 90-talet, fekk handballen eit løft. Kvam meiner dette er ein viktig faktor til at Jotun no er på høgt nivå i norsk handball.

No håpar han at ein stor herrekamp også kan løfte herrehandballen i klubben.