Natt til 28. oktober vart Hedda Karterudseter drepen på hybelen sin ved Sogndal Folkehøgskule. 35 år gamle Hassan Samriye Hashin er sikta for drapet, men har vore på flukt frå politiet sidan drapsnatta. Somaliaren tok ut eit større pengebeløp i Sogndal før han tok bussen til Oslo.
Elektroniske spor
Det er dei siste sikra observasjonane av mannen, men utanlandsk politi har etter det NRK trur vore i hælane på Samriye fleire gonger. Elektroniske spor, anten frå mobiltelefonen eller minibankkortet til den sikta, gjer at dei har nye og gode spor å gå etter.
Vil ikkje seie kvar dei leitar
Kva land politiet leitar i, vil ikkje lensmann Borlaug ut med. Han hadde håpa at dei skulle pågripe 35-åringen frå Somalia før jul. Han er likevel optimist og trur på ei pågriping med det første.