Trur på ny rekordsesong

Sognefjellet sommarskisenter ser ut til å gå mot nok ein rekordsesong, det seier løypekøyrar Anders Fortun. Løypene på skisenteret går langs riksveg 55 over Sognefjellet, og har blitt populære blant både norske og utanlandske landslag. I midten av mai står løypene klare for å ta imot dei første skiløparane, som i år er det tyske landslaget. – Vi håpar å halde ope til midten av juli, seier Fortun.

Martin Koukal på Sognefjellet
Foto: Anders Fortun